Lammekjøt frå Heidal

Heidal Gammelnorsk Spælsau v/Bård Bårdløkken har nå vore innom med ferskt lammekjøt av ymse slag!

Lammekjøtet er ikkje økologisk godkjend, men sauane er grasfora og har gått i fjellet heile sommaren. Gammalnorsk spelsau er nøysam og utnyttar utmarksbeitet godt. Sauane er slakta av Nortura og pakka og foredla av Dovrelam.

Vi kan varmt anbefale fårikålkjøt med vinterkål frå Aukrust! Her finn du nokre fleire fristande lammekjøtoppskrifter:
https://trinesmatblogg.no/2011/09/mine-5-lammefavoritter/

Vekesprodukt: Quinoa frå Ringsaker

Vekesproduktet vårt denne veka er quinoa frå Heramb gard på Ringsaker, som vi kan tilby i lausvekt.

Marthe og Jardar Røhr-Godø reiste til Peru og forska litt på ulike typar quinoa før dei starta selskapet Norsk Quinoa i 2013 og byrja dyrking på eigen gard. Quinoaplanta kjem opprinneleg frå høgslettene i Peru og Bolivia, og har vore dyrka av dei innfødte der i tusenvis av år. Quinoafrøa inneheld essensielle aminosyrer (protein) som lysin i tillegg til viktige mineral som jern, fosfor og kalsium , og er p.g.a. sitt høge innhald av desse viktige næringsstoffa rekna for å vera eit fullverdig måltid i seg sjølv. Quinoafrø kan kokast og brukast omtrent som ris, og dei kan òg spirast. Kokt har dei omtrent same bruksområde som ris.

Torsdag, fredag eller laurdag tilbyr vi smaksprøve av quinoasalat.

Nå er det TACOVEKE her!

Vi kan tilby det meste du treng til eit godt, økologisk og delvis stuttreist tacomåltid:
– Tacokrydder, tacosaus/salsa (mild og sterk), tacoshell, tortillawraps og maischips frå Amaizin
– Rørosrømme frå Rørosmeireriet
– Kyllingkjøtdeig frå Homlagarden
– Hermetiske kidneybønner frå Helios og tørka kidneybønner frå Saltå Kvarn
– Salat frå Aukrust

I dag, fredag og laurdag kan du koma innom og få ein liten tacosmakebit hjå oss. ¡Bienvenido/Velkomen!

Ny redesignkveld i Vågå!

Måndag den 15. oktober frå kl. 18.00 blir det ny redesignkveld! Denne gongen innlosjerast vi i systugua til Malak Skreddar i kjellaren på Vågå handelshus (rett overfor Vågå bibliotek).

Ta med klede/filler eller andre ting du ønskjer å sy om, samt sysaker og symaskin om du har. Det er òg lov å berre koma og titte :-).

Gratis inngang, spleis på te, kaffe og litt enkel biteti.

Meld gjerne ifrå om du tenkjer å koma til Randi, tlf: 900 58 159.

Velkomen!

Grøn helsing frå
Randi Bjørnstad og Trude Lyngby
i Grøn tråd,
samt Elisabeth Stadeløkken Wentzel i Alucita.

 

Vekesprodukt: Cerisapotet frå Avdem på Lesja

Cerisa er ein halvtidleg delikatessepotet som for tida blir utprøvd i Norge, i dette tilfellet av Avdem gardsgrønt på Lesja. Denne poteten har små, raude og langovale knollar med raudt skal og gult kjøt, og minnar om mandelpotet.

VI har vald cerisapoteten som vekesprodukt denne veka, så kom gjerne innom torsdag, fredag eller laurdag og smak på denne spennande poteten! Vi kan anbefale å bruke eit potetkrydder frå Søstrene Råstad i Vågå eller frå Aukrust til potetene, gjerne med ein dert Rørosrømme attåt. Nam-nam!

Aromaepler frå Svelvik

Under Ottamartnan vart vi kjende med ei triveleg dame frå Svelvik ved Drammen. Dama, som heiter Gunvor W. Nelson, kunne fortelja at ho dyrkar epler utan sprøytemiddel og ved bruk av litegrann naturleg gjødsel (sauemøkk). Ho har ikkje teke seg råd til å få eplene økologisk godkjende.

Vi handla med oss ei stor kasse med fine Aroma-epler, som er ein god vinterlagringssort. Desse eplene til Gunvor er vekesproduktet vårt denne veka, og du kan dermed koma innom og smake på dei i dag, i morgon eller laurdag. Velkomen!