Vekesprodukt: Gløggkrydder frå Lom

Da er det straks desember att, og tid for gløgg! Gløggkrydderet frå Aukrust gard og urteri i Lom er laga av kanel, ingefær, nype, stjerneanis, nellikspikar, aroniabær, anis, pomerans, heil kardemomme og appelsinskal. Det blandast med saft/juice/vin, og skal trekkje i ca. 10 minutt. Vi kan anbefale å blande krydderet med eplejuice eller druejuice. Torsdag, fredag og laurdag er du hjarteleg velkomen innom for å smake på vår versjon av gløggen! Minnar om at vi har tilbehøret mandlar og rosinar i lausvekt.

Aukrust gard og urteri byrjar etter kvart å bli godt kjend, men viss du ønskjer å lesa litt meir om dei, kan du titte her: http://aukrust-nordgard.no/

Grøn fredag

I år som tidlegare år har vi i dag Grøn Fredag, med heilt vanlege prisar.

– Dette er ein aldri så liten prostest mot Black Friday, som vi oppfattar som eit kjøps- og salshysteri nærmast utan like.

Velkomen til ein heilt normal, grøn fredag hjå oss!

Vekesprodukt: Sommarhonning frå Vågå

Vekesproduktet vårt nå er sommarhonningen til Per Stabell i Øvre Nordherad i Vågå. Torsdag, fredag og laurdag kan du koma innom og få smaksprøve av honningen. Velkomen!

Per Stabell driv Mangesysleriet saman med Bjørg Schultz. Dei har rundt 12 bikuber med tusental flittige arbeidarar. Honningen er ikkje økologisk godkjend, fordi dette krev dokumentasjon frå alle dei kringliggjande gardane om at eng og skog ikkje sprøytast. Dette blir for tungvint, sjølv om Per forsikrar oss om at det ikkje foregår noko slik sprøyting. Biene blir ikkje vengjeklipte, og røyken som brukast består kun av vatn, evnt. noko elgmøkk frå skogen. Om vinteren får biene sukkervatn av ikkje-økologisk sukker.

Grøn tråd sitt bilete.

Vekesprodukt: Lokal, økologisk gulrot

Denne veka er vekesproduktet vårt gulrot frå Søre Hosar i Skjåk. Ho kjem med jord på for å betre lagringskvaliteten. Til opplysning er gulrot ei kjelde til betakaroten, som omdannast til A-vitamin i kroppen, noko vi treng for å oppretthalde normal hud og normalt syn. Gulrot skal òg vera bra for fordøyinga p.g.a. høgt fiberinnhald.

Vi har som vanleg smaksprøve av vekesproduktet vårt torsdag, fredag og laurdag. Velkomen innom!

Eivind Øvrelid på Søre Hosar produserer både økologiske gulrøter, kålrot og ulike typar beter. Grønsakene er Debio-godkjende, og garden har eit vekstskiftesamarbeid med garden Søre Kvåle i Skjåk.

Fermenteringsdag

FERMENTERINGSDAG
Vågå frivilligsentral
søndag 25. november, kl. 11.00 – 15.00

Fermentering/mjølkesyregjæring er ei gamal konserveringsmetode som kan virke gunstig på førdøyinga. Denne dagen fermenterar vi saman, og lagar bl.a. fermentert surkål (sauerkraut), kimchi, kombucha og vannkefir.

Inkl. i prisen får du:
– kunnskapsdeling ved erfarne fermenterarar
– oppskrifter
– alle råvarer (øko. grønsaker, krydder, urter)
– ein liten fermentert lunsj

Ta sjølv med:
– 4 glas med lokk (t.d. Norgesglas)
– gode knivar
– skjærefjøl
– evnt. mandolin til kutting

Pris: 350,- kr

Påmeldingsfrist: 18. november, til Randi, tlf: 900 58 159

Grøn helsing frå
Grøn tråd v/Randi Bjørnstad
og Anna Kvåle

Redesignkveld i november

Det blir ny REDESIGNKVELD
Grøn tråd (Johan Nygårdsgt. 8),
torsdag 15. november frå kl. 18.00!

Ta med klede/filler eller andre ting du ønskjer å sy om, samt sysaker og symaskin om du har.
Gratis inngang, sal av te, kaffe og litt enkel biteti.
Meld gjerne ifrå om du tenkjer å koma til Randi, tlf: 900 58 159.

Velkomen!

Grøn helsing frå
Randi Bjørnstad og Trude Lyngby i Grøn tråd,
samt Elisabeth Stadeløkken Wentzel i Alucita.

Vekesprodukt: Pesto frå Helios

I dag, i morgon og laurdag har vi smaksprøve av nydeleg pesto frå Helios!

Dette er nemleg vekesproduktet vårt denne veka. Pestoen frå Helios finst i tre variantar: Raud pesto med chili, grøn pesto med basilikum og gul pesto med cashewnøtter. Alle passar svært godt til pasta og brød/salt kjeks, og kan i tillegg brukast til potetsalat, omnsbakt fisk m.m.. Pestoane har skikkleg farge og smak, akkurat slik ein god pesto skal vera.

Velkomen innom på smaksprøve!