Vekesprodukt: Kålrot frå Skjåk

KÅLROTA frå Søre Hosar i Skjåk er av høgste økologiske kvalitet og fortener derfor å vera vekesproduktet vårt denne veka. Du er hjarteleg velkomen innom for å teste smaken på kålrota sjølv torsdag, fredag og laurdag.

Litt kålrotinfo: Kålrot inneheld mykje vitamin C, som styrkar immunsystemet og aukar opptaket av jarn frå andre matvarer. I tillegg inneheld kålrot folat som er med på å redusere trøyttheit og utmatting, samt kostfiber som er bra for fordøyinga (frukt.no).

Vekesprodukt: Glutenfritt knekkebrød frå Stokke

I dag, fredag og laurdag kan du koma innom oss og få smaksprøve av glutenfritt knekkebrød frå Den Gode Baker i Stokke i Vestfold. Vi serverar knekkebrødet med ein dert grøn pesto frå norske Helios attåt, noko vi tykkjer smakar reint fortreffeleg!

Knekkebrødet inneheld glutenfritt havregryn, tapiokamix (rismjøl, tapiokastivelse, potetflakmjøl, xhantangum, salt, rosmarinekstrakt), solsikkefrø, sesamfrø, linfrø, rapsolje, vatn og Himalayasalt.

Velkomen innom på smaksprøve!

Vekesprodukt: Skogshonning m/propolis frå Trøgstad

Skogshonning med propolis frå Kjartans honning i Trøgstad er vekesproduktet vårt denne veka. I følgje Kjartans har propolis og honning frå gamalt av vore brukt som helsefremmande middel mot forkjølelse og sårbehandling. Denne honningen er nektar samla frå skogsplanter i Østfold tilsett propolis, som òg kallast «bienes anitbiotika». Honningen er ikkje økologisk godkjend.

Torsdag, fredag og laurdag er du hjarteleg velkomen innom på smaksprøve/uttesting av denne spennande honningen!

Redesignkveld i januar

Det blir ny REDESIGNKVELD måndag 14. januar kl. 18.00 på Grøn tråd (Johan Nygårdsgt. 8 på Otta).

Ta gjerne med symaskin og noko du ønskjer å sy om, så er Alucita-Elisabeth klar med hjelp om det trengst. Det blir elles sal av te, kaffe og litt enkel biteti.

Varsle gjerne ifrå om du kjem, til Randi på tlf. 900 58 159. Velkomen!

Vekesprodukt: Prestegards-te frå Vågå

Prestegards-te er laga av Søstrene Råstad i Vågå, alias Ågot og Magnhild Råstad.  Dei har plukka urtene til teen i den vakre Prestegardshagen i Prestegarden (Ullinsvin) i Vågåmo.

Prestegarden i Vågå er ein av dei eldste prestegardshagane i Norge, og Vågå historielag har sidan 2012 arbeidd med å rehabilitere denne historiske hagen. Hagen ser nå slik ut som han gjorde på den tida da Christine Munch var prestekone i Vågå frå 1776 til 1786.  Ho brukte urtegarden flittig til kokking, medisinering o.l.