Vekesprodukt: Glutenfri kjeks nr. 1, frå Den Gode Baker

Den Gode Baker i Stokke i Vestfold har i seinare tid starta med denne glutenfrie kjeksen, som inneheld følgjande: Kokosblomstsukker, kokosfeitt, sorgum-miks (sorghummjøl, brunt rismjøl, potetflak, fortjukningsmiddel (glutenfri xhantangummi), rosmarinekstrakt), egg, grandevatn, kokos, kakao, vaniljesukker og bakepulver.

Du er hjarteleg velkommen innom for å smake på kjeksen torsdag, fredag og laurdag!

 

Vekesprodukt: Kombucha frå Ask Brygghus

Grønn T kombucha frå Ask Brygghus i Oslo inneheld ingefær i tillegg til grøn te, og er ein sprudlande og forfriskande drikk. Kombucha er fermentert, dvs. at det inneheld mjølkesyrebakteriar, som har ord på seg for å vera bra for fordøyelsen. I tillegg skal kombucha innehalde mykje antioksidantar, vitaminar og mineral.

Ask brygghus er eit økologisk alkoholfritt brygghus med produksjon av økologisk kombucha, ingefærøl, jamu-jamu og andre sunne, gode drikkar.

Torsdag, fredag og laurdag er du hjartleg velkomen innom for å smake på denne kombuchaen. Velkomen!

Vekesprodukt: Naturleg hudpleie frå Vossabia

Vi har nyleg fått påfyll av produkt frå Vossabia, som er ein serie med naturlege hudpleieprodukt laga av Renate Lunde på Vethe Gård i Voss. Denne veka vil vi vise fram desse gode produkta, med utprøving av dei du vil torsdag, fredag og laurdag .

Ikkje fullt alle ingrediensane Renate brukar er økologisk godkjende, men ho nyttar honning og bivoks frå eigne bier og haustar ville urter frå eigen gard og lokale fjellområde, samt kjøper inn økologisk framstilte urteoljer som ho ikkje kan lage sjølv.  Ei nyheit hjå oss er leppepomade med lavendel, som skal vera beroligande og nærande på leppene, samt god på munnsår, herpes, sopp, og vanlege tørre lepper.  Elles kan vi som før tilby ringblomstsalve, kamillebalsam, babysalve, panterbalsam, deodorant «skog» og deodorant «sensuell», pluss solkrem faktor 10 og 20.

Redesignkveld i februar

Måndag den 11. februar kl. 18.00 blir det ny redesignkveld att, i systugua til Malak Skreddar i kjellaren på Vågå handelshus (rett overfor Vågå bibliotek).
 
Ta med klede e.l. du ønskjer å sy om, samt sysaker og symaskin om du har. Det er òg lov å berre koma og titte :-).
 
Gratis inngang, spleis på te, kaffe og litt enkel biteti.
 
Meld gjerne ifrå om du tenkjer å koma til Randi, tlf: 900 58 159.
 
Velkomen!

Vekesprodukt: Vinternatt-te frå Lom

Denne veka viser vi fram Vinternatt-te frå Aukrust i Lom, som i følgje Aukrust er ein «søt og god te for norske vintrar». Teen inneheld eplemynte, lakrisrot, svarthyllbær, kornblome, fennikel, anisisop og malveblome.

Vi er samde med Aukrust i at denne teen verkeleg ER søt og god, og i tillegg har svarthyll ord på seg for å kunne motvirke både forkjølelse og influensa. Kom gjerne innom og prøvesmak teen torsdag, fredag eller laurdag!