Redesignkveld i februar

Måndag den 11. februar kl. 18.00 blir det ny redesignkveld att, i systugua til Malak Skreddar i kjellaren på Vågå handelshus (rett overfor Vågå bibliotek).
 
Ta med klede e.l. du ønskjer å sy om, samt sysaker og symaskin om du har. Det er òg lov å berre koma og titte :-).
 
Gratis inngang, spleis på te, kaffe og litt enkel biteti.
 
Meld gjerne ifrå om du tenkjer å koma til Randi, tlf: 900 58 159.
 
Velkomen!

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *