Vekesprodukt: Naturleg hudpleie frå Vossabia

Vi har nyleg fått påfyll av produkt frå Vossabia, som er ein serie med naturlege hudpleieprodukt laga av Renate Lunde på Vethe Gård i Voss. Denne veka vil vi vise fram desse gode produkta, med utprøving av dei du vil torsdag, fredag og laurdag .

Ikkje fullt alle ingrediensane Renate brukar er økologisk godkjende, men ho nyttar honning og bivoks frå eigne bier og haustar ville urter frå eigen gard og lokale fjellområde, samt kjøper inn økologisk framstilte urteoljer som ho ikkje kan lage sjølv.  Ei nyheit hjå oss er leppepomade med lavendel, som skal vera beroligande og nærande på leppene, samt god på munnsår, herpes, sopp, og vanlege tørre lepper.  Elles kan vi som før tilby ringblomstsalve, kamillebalsam, babysalve, panterbalsam, deodorant «skog» og deodorant «sensuell», pluss solkrem faktor 10 og 20.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *