Grøn tråd til sals!

Har du lyst til å bli eigar av Grøn tråd?

Vi har tenkt på å gje oss, men ser veldig gjerne at Grøn tråd får leva vidare. Derfor legg vi nå bedrifta ut for sal.

Grøn tråd er ein økologisk landhandel med trivelege lokaler sentralt på Otta, med fokus på stuttreist og lausvekt.

Ta gjerne kontakt på tlf. 900 58 159.

Grøn helsing frå
Randi og Trude,
Grøn tråd

Vårmorgon-te frå Aukrust i Lom

Det er vår, og da må det vel vera på sin plass med Vårmorgon-te frå Aukrust gard og urteri i Lom?

Denne urte-teen inneheld pepparmynte, grønmynte, bjørkeblad, løvetannrot og -blome , einer og ryllik. Fleire av desse urtene har ord på seg for å vera rensande, dvs. at dei hjelp til med å fjerne giftstoff frå kroppen.  Denne teen smakar òg veldig godt, t.d. til frukost. Vi har smaksprøve av teen torsdag, fredag og laurdag, så kom gjerne innom for ein smak!

Aukrust gard og urteri kan du lesa meir om her og her.

 

Vekesprodukt: WannaBe kombucha frå Ask Brygghus

WannaBe kombucha frå Ask Brygghus i Oslo inneheld grøn te, humle og honning, og er ein sprudlande og forfriskande drikk. Kombucha er fermentert, dvs. at det inneheld mjølkesyrebakteriar, som har ord på seg for å vera bra for fordøyelsen. I tillegg skal kombucha innehalde mange antioksidantar, vitaminar og mineral.

Torsdag, fredag og laurdag må du gjerne koma innom for å smake på denne kombuchaen. Velkomen!

Ask brygghus er eit økologisk alkoholfritt brygghus med produksjon av økologisk kombucha, ingefærøl, jamu-jamu og andre sunne, gode drikkar.

 

Vekesprodukt: Honningrista müsli frå Stokke

Denne veka vil vi gjerne gjera den smakfulle honningrista müslien frå Den Gode Baker i Stokke i Vestfold litt betre kjend. Müslien inneheld havregryn, honning, solsikkekjerner, hasselnøtter, sultaner, bokkveite, sesamfrø og linfrø, og ingrediensane er i den grad det er mogleg frå norsk landbruk.

Müslien kan du komma innom og få smake på torsdag, fredag eller laurdag!

Litt info om produsenten:
Den Gode Baker vart starta opp i liten skala i Sandefjord av danske Kim Christoffersen, ein tidlegare fabrikkblautkakebakar som hadde vorte inspirert av økologisk produksjon på Camphill-landsbyen Vidaråsen. Kim ville ikkje ha meir halvfabrikat og tilsetnadsstoff i bakinga si, og Den Gode Baker er nå ein av dei største leverandørane av økologiske bakevarer i Norge, som òg brukar lokale samarbeidspartnerar så sant dette går an.