Vekesprodukt: Troll-poteter frå Skjåk

Denne veka viser vi fram Troll-potet frå Søre Kvåle i Skjåk. Denne gode poteten har raudt skall og gulkvitt indre og oppfører seg omtrent som mandelpotet ved matlaging. Troll-potet er ypparleg til både middag og baking.

Vi kan anbefale å prøve potetene saman med potetkrydder frå Søstrene Råstad i Vågå eller frå Aukrust i Lom, og inviterer deg herved innom på smaksprøve av nettopp dette torsdag, fredag og laurdag!

Produsenten av Troll-potetene er Jan Erik Mæhlum, som òg leverer dei knallgode sukkerertene til oss om sommaren. Han har eit vekstskiftesamarbeid med garden Søre Hosar i Skjåk.

Vekesprodukt: Speltkjeks m/Rørossmør

Nå er det på tide å vise fram denne veldig gode speltkjeksen frå Den Gode Baker i Stokke i Vestfold att. Han inneheld sammale og sikta spelt, Rørossmør og Himalayasalt, og er laga av norske ingrediensar så langt det lar seg gjera.  Kjem du innom torsdag, fredag eller laurdag skal du få smaksprøve av kjeksen, og vi sprettar ei krukke med pesto frå Helios som tilbehør.

Ønskjer du å lesa meir om Den Gode Baker, kan du titte her.

Opningstider i påsketida:

Måndag 15/4 og tysdag 16/4:       Kl. 10.00 – 17.00
Onsdag 17/4:                                           Kl. 10.00 – 15.00
Laurdag 20/4 (Påskeaften):           Stengt

Tysdag 23/4:                                            Kl. 10.00 – 16.00
(til vanleg stengt tysdagar)

God, gulgrøn påske!

Vekesprodukt: Lammekotelettar frå Heidal

Som vekesprodukt nå rett før påske kan vi tilby lammekotelettar frå Heidal Gammelnorsk Spælsau v/Bård Bårdløkken. Vi kan varmt anbefale lammekotelettar med lammekrydder frå Aukrust! Dette kan du koma innom oss og smake på torsdag, fredag og laurdag.

Vi kan òg tilby andre slag lammekjøt frå same produsent. Kjøtet er ikkje økologisk godkjend, men sauane er grasfora og har gått i fjellet heile sommaren. Gammalnorsk spelsau er nøysam og utnyttar utmarksbeitet godt. Sauane er slakta av Nortura og pakka og foredla av Heidal landbruksprodukter.

Her finn du nokre fristande lammekjøtoppskrifter:
https://meny.no/oppskrifter/Lam

Grøn dyrkingskveld i Vågå

Har du lyst til å veta meir om dyrking av eigen mat utan bruk av sprøytemiddel og kunstgjødsel?
Da er du hjarteleg velkomen til å koma og lære meir om økologisk dyrking på
Ullinsvin (prestegarden) i Vågå,
tysdag 9. april kl. 19.00!

Den erfarne urtedyrkaren Ågot Råstad vil fortelja om urtedyrking og grønsaksdyrkar Per Stabell vil lære oss meir om kompostering.
Grøn tråd sel økologiske frø frå det norske frøselskapet Solhatt.
NB! Kun kontantsal.
Gratis inngang, spleis på te, kaffe og biteti.
Velkomen til ein skikkeleg grøn kveld!

Grøn helsing frå
Randi Bjørnstad og Trude Lyngby i Grøn tråd,
samt Ågot Råstad og Per Stabell

Egg frå Aukrust i Lom

På den biodynamiske urte- og grønsaksgarden Nordgard Aukrust i Lom trippar det frittgåande og glade høner, som får økologisk fôr og legg brune egg. Desse fine og ikkje minst gode egga er vekesproduktet vårt denne veka, så torsdag, fredag og laurdag kan du gjerne innom og få smake på dei sjølv!