Om oss

logo-digitalisert-fargevalg5Kva er Grøn tråd?

Grøn tråd er eit firma som held til på Otta, drive av Randi Bjørnstad og Trude Lyngby. Vi har som mål å bli ein grøn møteplass i Nord-Gudbrandsdalen for alle som ønskjer å leve på lag med naturen. Vi har planar om mange ulike aktivitetar, og nokre av dei får du presentert her. Felles for alle ideane våre er at det skal liggje ein heilskapleg grøn tanke bak – eller gå ein grøn tråd gjennom – alt vi gjer!

Økologisk daglegvarehandel

Vi starta oppOLYMPUS DIGITAL CAMERA bedrifta  vår sommaren 2014 med torgbu kvar fredag og laurdag, eine dagen på Otta og den andre i Vågå.  Da det vart litt for kaldt ute for grønsakene våre (og for oss!), flytta vi innandørs, men det er triveleg med torgbu, så ho dukkar stendig opp att, til dømes i samband med marknadsdagar i nærområdet. Sjå kalenderen for nærare info.

1. november 2014 tok vi skrittet heilt ut og opna butikk i Ola Dahls gate 10 på Otta, og 1. juni året etter flytta vi inn i nye og trivelege lokale i nr. 8 i same gata. Her sel vi både mat, drikke og andre daglegvarer. Vi utvidar vareutvalet så ofte vi kan, og hjelper deg òg gjerne med å spesialbestille varer vi ikkje har i det vanlege utvalet. Kom gjerne innom ein tur for å sjå og spørje etter varer.

Grøne varer – kva er det?

Det er vanskeleg å vera forbrukar og avgjera kva som er mest miljøvenleg i kvart enkelt tilfelle. For å hjelpe til med dette driv vi eit kontinunerleg detektivarbeid for å finne dei produkta som er mest mogleg stuttreiste, økologisk produserte, sunne og reine på alle vis. Mellom anna prøver vi å få dei i lausvekt slik at vi begrensar emballasjebruken.

Samtidig ønskjer vi å bidra til at det skal bli lettare å produsere miljøvenlege varer. I dag er det ein omstendeleg prosess å få godkjend ulike produkt som økologiske, og mange produsentar gjev opp på vegen. Det er trist, for det gjev oss eit dårlegare utval av grøne produkt. Det vil vi gjera to ting med:

  • Inkludere produkt i utvalet vårt som er stuttreiste og basert på råvarer som i stor grad er framstilt utan kunstgjødsel og sprøytemiddel, sjølv om dei ikkje er Debio-godkjende (økologisk). Uansett får du som kunde vite nøyaktig korleis dei ulike produkta våre blir til, slik at du alltid veit kva du får hjå oss.
  • Setja inn ein del av overskotet frå verksemda vår i eit fond som skal gå til utvikling av økologisk landbruk i Nord-Gudbrandsdalen.

Delekveldar

Omsynet til naturen handlar om mykje meir enn berre å kjøpe dei rette varene. Grøn tråd tar òg initiativ til sosiale treff der alle som kjem kan vera med og dele kunnskapar og ferdigheiter som kan bidra til ein livsstil som ikkje berre er god for miljøet, men òg enklare, sunnare – og billegare! Vi starta opp med å sy om gamle klede til nye og flotte, og har planar om mange andre artige og nyttige tema framover. Følg med og sjå etter neste delekveld!