Pastasaus med gulrot, purre og rømme

19. oktober 2014
1 Review (3.00 out of 5)
Serves 2 porsjonar

Denne er sjølvkomponert. Rask å slenge i hop, og veldig god!


Ingrediensar

  • 150 gram gulrot
  • purre
  • 1 fedd kvitlauk
  • 1 deciliter grønsakskraft
  • 1 deciliter rømme
  • olje
  • salt
  • pepar

Slik gjer du

  1. Skjær gulrøtene i småbitar, og kok dei møre i grønsakskrafta.
    (Har du ikkje kraft, kan du bruke vatn og buljongpulver.)

  2. Medan gulrøtene koker, skjer du purren i skiver og blansjerer dei i olja i ei panne på svak varme. Dei skal ikkje bli brende. Når dei er mjuke, tar du panna av plata og lar dei stå under lokk til gulrøtene er klare.

    NB. Til denne oppskrifta passar det best å bruke berre den ljose delen av purren. Legg resten til side til å koke kraft på.

  3. Når gulrøtene er møre, blandar du inn rømmen og varmar det heile forsiktig opp. Grovmos alt med ein gaffel eller stavmiksar.

  4. Bland purren inn i gulrotsausen og smak til med finhakka kvitlauk, salt og pepar. Tynn eventuelt ut sausen med meir kraft eller rømme om du ønskjer det.

  5. Server med pasta, grøn salat og litt ferskt brød.
    Buon appetito!

1 review for Pastasaus med gulrot, purre og rømme

  1. Lionel
    3

    ()

    Den er best.

Add a review