Vekesprodukt: Skogshonning m/propolis frå Trøgstad

Skogshonning med propolis frå Kjartans honning i Trøgstad er vekesproduktet vårt denne veka. I følgje Kjartans har propolis og honning frå gamalt av vore brukt som helsefremmande middel mot forkjølelse og sårbehandling. Denne honningen er nektar samla frå skogsplanter i Østfold tilsett propolis, som òg kallast «bienes anitbiotika». Honningen er ikkje økologisk godkjend.

Torsdag, fredag og laurdag er du hjarteleg velkomen innom på smaksprøve/uttesting av denne spennande honningen!

Redesignkveld i januar

Det blir ny REDESIGNKVELD måndag 14. januar kl. 18.00 på Grøn tråd (Johan Nygårdsgt. 8 på Otta).

Ta gjerne med symaskin og noko du ønskjer å sy om, så er Alucita-Elisabeth klar med hjelp om det trengst. Det blir elles sal av te, kaffe og litt enkel biteti.

Varsle gjerne ifrå om du kjem, til Randi på tlf. 900 58 159. Velkomen!

Vekesprodukt: Prestegards-te frå Vågå

Prestegards-te er laga av Søstrene Råstad i Vågå, alias Ågot og Magnhild Råstad.  Dei har plukka urtene til teen i den vakre Prestegardshagen i Prestegarden (Ullinsvin) i Vågåmo.

Prestegarden i Vågå er ein av dei eldste prestegardshagane i Norge, og Vågå historielag har sidan 2012 arbeidd med å rehabilitere denne historiske hagen. Hagen ser nå slik ut som han gjorde på den tida da Christine Munch var prestekone i Vågå frå 1776 til 1786.  Ho brukte urtegarden flittig til kokking, medisinering o.l.

Vekesprodukt: Ingefærøl m/julekrydder frå Ask Brygghus

Dette sprudlande økologiske ingefærølet frå Ask Brygghus i Oslo med det klingande namnet Ginger Bells smakar sterkt og godt! Det inneheld vatn, fersk ingefær, røyrsukker, fersk grapefruktjuice, fersk limejuice, sitronsyre, askorbinsyre og julekrydder. Torsdag, fredag og laurdag kan du koma innom og smake på dette ingefærølet.

– Skål for økologiske og stuttreiste kvalitetsprodukt!

 

Juleopningstider (veka før jul og i jula):

Mån. 17. – fred. 21.:                                     Kl. 10.00 – 17.00
NB! Tysdagsopent denne veka.
Laurdag 22.:                                                     Kl. 10.00 – 16.00
Mån. 24. (julekvelden):                               Stengt
Tors. 27. – laur. 29.:                                      Kl. 10.00 – 15.00
Mån. 31. (nyttårskvelden):                        Stengt

Vekesprodukt: Julefred-te frå Aukrust i Lom

Julefred-te i lausvekt frå Aukrust i Lom inneheld grønmynte, pepparmynte, granskot, eple, hibiskus, kornblome, nype, nellik, appelsin, kanel, anis, kardemomme, raudbet og ingefær. Kok opp vatn, hell over urtene og la trekkje i 6 – 10 minutt.

Kom gjerne innom og smak på teen torsdag, fredag eller laurdag! – Forhåpentlegvis finn du litt fred på Grøn tråd midt i alt julekjaset…!

Vekesprodukt: Spelt pepparkaker frå Den Gode Baker

Spelt pepparkaker frå Den Gode Baker i Stokke i Vestfold er vekesproduktet vårt denne veka. Dei inneheld sikta spelt, Rørossmør, røyrsukker, roesirup, mandlar, kanel, ingefær, nellik og natron. Kom gjerne innom torsdag, fredag eller laurdag og få smaksprøve av desse 100% økologiske og svært gode pepparkakene!

Vi kan i tillegg tilby kransekakekonfekt, kokostoppar og pepparnøtter frå Den Gode Baker.

Vekesprodukt: Gløggkrydder frå Lom

Da er det straks desember att, og tid for gløgg! Gløggkrydderet frå Aukrust gard og urteri i Lom er laga av kanel, ingefær, nype, stjerneanis, nellikspikar, aroniabær, anis, pomerans, heil kardemomme og appelsinskal. Det blandast med saft/juice/vin, og skal trekkje i ca. 10 minutt. Vi kan anbefale å blande krydderet med eplejuice eller druejuice. Torsdag, fredag og laurdag er du hjarteleg velkomen innom for å smake på vår versjon av gløggen! Minnar om at vi har tilbehøret mandlar og rosinar i lausvekt.

Aukrust gard og urteri byrjar etter kvart å bli godt kjend, men viss du ønskjer å lesa litt meir om dei, kan du titte her: http://aukrust-nordgard.no/

Grøn fredag

I år som tidlegare år har vi i dag Grøn Fredag, med heilt vanlege prisar.

– Dette er ein aldri så liten prostest mot Black Friday, som vi oppfattar som eit kjøps- og salshysteri nærmast utan like.

Velkomen til ein heilt normal, grøn fredag hjå oss!