Nye varer denne veka:

Urte-te frå Søstrene Råstad i Skjåk/Vågå med kamille, sitronmelisse, grønmynte, mexikansk mynte og apotekerkattost
Urte-te frå Søstrene Råstad i Skjåk/Vågå med kamille, sitronmelisse, grønmynte, mexikansk mynte og apotekerkattost
Fleire typar brød og andre bakervarer frå Den Gode Baker i Oslo
Fleire typar brød og andre bakervarer frå Den Gode Baker i Oslo
Cashewnøtter frå Manna
Cashewnøtter frå Manna
Mandlar frå Manna
Mandlar frå Manna
Sylta raudbete frå Marschland naturkost og sylteagurk frå Manna
Sylta raudbete frå Marschland naturkost og sylteagurk frå Manna
Green Balance (grøn te) frå Yogi Tea (samt meir Black Chai-te)
Green Balance (grøn te) frå Yogi Tea (samt meir Black Chai-te)
Ny type knekkebrød med havre og honning frå Härjedalsknäcke
Ny type knekkebrød med havre og honning frå Härjedalsknäcke
Kakaopulver frå Rapunzel og spelpepparkaker frå Den Gode Baker
Kakaopulver frå Rapunzel og speltpepparkaker frå Den Gode Baker
Rotfruktpotetgull frå Svenska LantChips
Rotfruktpotetgull frå Svenska LantChips
Og til slutt ein liten førsmak av jul: Sjokoladejuletre frå Woodshade Organics.
Og til slutt ein liten førsmak av jul: Sjokoladejuletre frå Woodshade Organics.

– Velkomen innom oss!

Takk!

til alle som var innom oss på opningsdagen vår. Alt er ikkje 100% på plass, men vi er stolte og glade over det vi har fått til. I dag unner vi oss ein kviledag, men tar oss tid til å leggje ut nokre bilete frå den store dagen:

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Slik vart butikken sjåande ut. Det miljøvenlege framkomstmiddelet blir nok eit fast innslag på utsida 🙂

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

På innsida såg det for anledninga slik ut, med servering av stikkelsbærkake og vår berømte grønkålsmoothie. Diverre er ikkje lokalet vårt godkjend for kafédrift, så vi har ikkje lov til å selje slikt, men smoothien kan du lage sjølv etter denne oppskrifta.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Ein ekstra takk til Even Lusæter som spilte ein opningsvals for oss.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Etter valsen vart det klipping av ein grøn tråd.

Ein liten kikk på vareutvalet. Økologiske grønsaker frå Lom og Skjåk, nesten økologisk jordskokk frå Vågå og økologiske eple frå Urnes i Sogn.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Økologiske graskar og steviaplanter frå Tingvoll:

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Økologisk mjølk og fløyte frå Rørosmeieriet:

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Kjøt av vilt og utegangarlam frå Heidal landbruksprodukter:

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Lokalproduserte urter, alpakkagarn, egg, leppepommade, syltetøy og spekepølser:

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Økologisk mjøl frå Holli mølle i Spydeberg:

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Sjølvforsyning av økologisk corn flakes:

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Økologiske vaskemiddel og hygieneprodukt:

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Redesignklær frå Alucita i Heidal:

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Og enda mange fleire økologiske matvarer:

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

 

Velkomne til offisiell butikkopning

grand openingLaurdag brakar det laus, og vi er ikkje så lite spente no. Men nå står snart berre den morosamme delen av jobben att: å pakke ut flotte varer og setje dei inn i hyllene som står og ventar.

Butikkdørene opnar klokka 10, men klokka 12 har vi gleda av å ønskje dykk velkomne til offisiell opning, med noko enkel servering og underhaldning. Håper vi ser dykk der!

Nyheitsbrev nr. 14

Kjære venar av Grøn tråd,
– Veke nr. 14 etter bedriftstart er i gang!
Denne veka blir temmeleg «normal»; vi blir å finne på dei same plassane til dei same tidene. Vi er elles i ferd med å skrive under på ei leigekontrakt og håpar å koma oss innandørs på Otta i november, så det er ekstra spanande tider i vente!- Følg med i neste episode…!
Minnar om at det nå er mogleg å bestille 18 kg-sekkar med poteter, samt 5 kg-sekkar med gulrot, kålrot og raudbete.
Slik vil denne veka sjå ut:

      • Utsalsstad:
        Vi blir å finne utanfor Mega på Otta fredag og ved Lie-hjørnet i Vågåmo laurdag.
      • Opningstider:
        Otta: Frå ca. kl. 15.30 – 18.00.
        Vågå: Kl. 11.00 – 15.00.
      • Vareutval:
        • Grønsaksutvalet denne veka blir truleg som følgjer:
          Salat, gul og raud kepalauk, sjalottlauk, jordskokk, raudbete, gulbete, polkabete, poteter, gulrot, grønkål, kvitkål, raudkål, purre, sellerirot, graskar, steviaplanter og epler (Aroma frå Urnes i Sogn).
        • I tillegg har vi urtete og -krydder, epleknask (frå Aukrust), spekepølser av storfe/gris og geit, tyting-, rabarbra- , solbær- og blåbærsyltetøy, egg og alpakkagarn.

Vi har gratis smaksprøver av syltetøy, urter, spekepølser, epleknask, jordskokk og stevia.
Velkomen innom torgbua vår!
Grøn helsing frå
Randi og Trude

Steviaplanter og graskar frå Tingvoll

Gresskar, en ny besettelse?

Denne veka får vi ulike typar graskar og steviaplanter frå Irja Frydenlund, ein utfløtt vagvær på Tingvoll. Graskar er vi vel alle kjende med, men vi kan fortelja at steviaplanter brukast som naturleg søtningsstoff i staden for sukker, og vi er så heldige å få slike små planter i potter.

La planta de stevia crece en los países de América Central y ...

Plantene er nøysame og treng lite stell, samt er druge i bruk, så ei slik plante bør vera svært kjekk å ha! For at de skal få sjå kva dette er for noko, kjem vi til å ha smaksprøve av steviaplanta.

And the winner is…

premieVinnaren av eit stort glas med sommarhonning frå Per Stabell er kåra.

Petter Storødegård, som var innom oss på Ottamartnan, var nærast av alle og bomma berre med 3 gram på superraudbeta vår. Gratulerer, Petter! Vi tek kontakt for overlevering av premien.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Så kor mykje vog raudbeta?  Vel, ho tapte seg i vekt ettersom konkurransen pågjekk, så alle bidrag har vorte vurdert ut frå den nærast målte vekta:

6.9.: 1005 g.
13.9.: 930 g.
20.9.: 867 g.26.9.: 842 g.
27.9.: 823 g.
28.9.: 810 g.

Tusen takk til alle som entusiastisk tok imot utfordringa og prøvelyfta på superraudbeta vår. Følg med for fleire konkurransar!