Nyheitsbrev nr. 6

logo-digitalisert-fargevalg5

Kjære venar av Grøn tråd,

Vi er nå inne i veke 6 etter bedriftsoppstart, -jippi!

Det var veldig triveleg å vera med på opninga av urtehagen i Ullinsvin (prestegarden) i Vågåmo laurdag, og salet vårt gjekk òg godt. Den slags arrangement er midt i blinken for slike urte- og grønsaksdiggarar som oss.

Nå byrjar vi koma midt inn i sjølve innhaustingssesongen, så framover vil vi få enda fleire grønsaker å by på (sjå under vareutval). Det er spennande tider i vente!

  • Utsalsstad:
    Vi blir heretter å finne på Otta fredagar og i Vågåmo laurdagar. Fredagar står vi framanfor Mega på Otta og laurdagar på Li-hjørnet i Vågåmo.
  • Opningstider:
    Otta: Frå ca. kl. 15 – 18.
    Vågåmo: Kl. 11 – 15.
  • Vareutval:
    Grønsaksutvalet denne veka blir truleg som følgjer:
    Salat, grønkål, gul lauk, målselvsneper og findlandske neper, squash, raudbetar og nypoteter.Nytt denne veka blir truleg raud lauk, tomatar, knutekål, gulrot og knollfennikel frå Aukrust. Og kanskje, kanskje har Ola Aukrust nokre fleire sukkererter til oss òg!

    I tillegg har vi som før urtete og urtekrydder, epleknask (frå Aukrust), spekepølser av storfe/gris og geit, tyting-, solbær- og blåbærsyltetøy, egg, alpakkagarn, vår eigen grønkålsmoothie, varm te av ein av urteteane vi sel, samt gulrotrundstykke med urtesmør/rømme, spekepølse og gulost, salat, paprika og agurk. Vi laga ein urtepai som vi fekk skryt av og var godt fornøgde med førre veke, så det er godt mogleg at vi tilbyr urtepai denne veka òg.

Vi fortset med gratis smaksprøver av både syltetøy, urter, spekepølser og smoothie, nepe og epleknask.

Vi held fram med å lage oppskriftsark for kvar grønsak og å ha desse tilgjengelege ved torgbua vår (og på e-post ved førespurnad), for å gje dykk litt inspirasjon til korleis ein kan bruke grønsakene vi sel.

Velkomen innom torgbua vår!

Grøn helsing frå
Randi og Trude

Nå er vi i gang!

logo-digitalisert-fargevalg5

Endeleg er nettsida vår oppe og går. Her finn du informasjon om kven vi er og kva vi driv med, ein kalender over aktivitetane våre, presentasjon av produsentane våre mm. Vi driv òg og jobbar med å få opp eit oppskriftsarkiv som inspirasjon til korleis du kan nytte produkta våre, samt ein automatisk nyheitsbrevtjeneste. Snart dukkar vi òg opp på sosiale media. Og elles så ser du oss i levande live kvar fredag ettermiddag på Otta og kvar laurdag i Vågå. Vi gler oss til å sjå deg der!

Helsing,
Randi og Trude