Annan mat

EggEgg frå Den lille tytingfabrikken på Sel. Hønene er frittgåande og får økologisk for, og har tilgang på uteområde i sommarhalvåret. Ikkje Debio-godkjend.

 

 

HonningHonning (nesten økologisk) frå Mangesysleriet. Her har vi fått inn ei eksklusiv levering, som vi sel til det er tomt. Vi har små (250 g.) og store (450 g.) glas.

Spekepølse av storfe og svin frå Aukrust. Dei er laga av kjøt og urter frå økologisk produksjon, men er ikkje Debio-godkjende avdi grisane er kjøpt inn frå ikkje-økologiske bruk.

vbg-1Spekepølse av geit frå Valbjør gard. Økologisk gardsbruk, men geitene får noko konvensjonelt kraftfôr. Inneheld svinespekk. Fri for konserveringsmiddel. Vi har små (220 g.) og store (450 g.) pølser.

OLYMPUS DIGITAL CAMERASpekepølse av geit frå Nørste Råstad. Ikkje økologiske, men geitene har gått på beite i Griningsdalen heile sommaren. Tilsett anten karve eller einer. Inneheld svinespekk og konserveringsmiddel. Vi har små (220 g.) og store (450 g.) pølser.

 

 

SyltetøySyltetøy frå Den lille tytingfabrikken på Sel. Ikkje økologisk, men laga av ville bær og usprøyta og ugjødsla hagebær og rabarbra. Utvalet varierer. For tida kan vi by på syltetøy av tytebær, blåbær og rabarbra. Vi har 250-gramsglas.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *