Urteprodukt

OLYMPUS DIGITAL CAMERAVarene er merka med *økologisk dersom dei er Debio-godkjende og *nesten økologisk dersom dei er produserte på økologisk vis, men manglar godkjenning. Se elles meir utførleg omtale av dei ulike produsentane på produsentsida vår.

  • Økologisk urtete frå Aukrust gard og urteri i Lom.
    Vi har valt ut den Aukrust-teen vi likar best, nemlig Peiskos-teen. Den inneheld tørka eple, pære, hibiskus, eplemynte, grønmynte, raudbete, ringblom og malveblom.
  • Økologiske krydderurter frå Aukrust.
    • Enkelturter:
      • Basilikum genovese
      • Dill
      • Gresk oregano
      • Karve
      • Persille
    • Urteblandingar:
      • Dessert-/kakekrydder
        med ekte vaniljesukker og mynte/anis kryddersmak
        Godt  i bakverk, vafler, iskrem, på fruktsalat mm
      • Grillkrydder
        Innhald: Salvie, sar, rosmarin, kvit pepar, solbærblad, chili, kvitlauk, rosepepar og sennepsfrø
    • Epleknask
      Ein god og sunn snacks, som kan etast som han er eller blandast i frokostblanding, bakverk mm. Inneheld m.a. tørka eple, graskarfrø, kanel og ingefær.
  • Urtetear (nesten økologisk) frå Søstrene Råstad i Skjåk
    • Søstrene Råstads kvelds-te
      Innhald: Sitronmelisse, solbærblad, kamille og apotekerkattost
    • Søstrene Råstads beste urte-te
      Innhald: Mjødurt, bergmynte, sitronmelisse og kornblomst
  • Urteblandingar (nesten økologisk) frå Søstrene Råstad
    • Søstrenes Råstads krydder til smør, salat og poteter
      Dette krydderet lagar himmelsk kryddersmør, og er òg nydeleg blanda med rømme.
      Innhald: Dill, persille, purre, russisk estragon og ringblomst
    • Fiskekrydder
      Innhald: Dill, purre, sitronmelisse, fennikel, persille, sitronetasjeblomst, ringblomst
    • Kjøttkrydder
      Innhald: Salvie, timian, isop, sar, persille og graslauk
    • Viltkrydder
      Innhald: Einerbær, rognebær, sar, solbærblad, ryllik

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *