Produsentane våre

Vi i Grøn tråd har som mål å vera ein formidlar for alle økologiske produsentar i Nord-Gudbrandsdalen. I motsetnad til store kjeder og butikkar set vi ikkje noko minstekrav til produksjonsvolum. Det einaste vi er opptekne av, er å tilby mest mogleg stuttreiste, reine, sunne og miljøvenlege produkt.

OLYMPUS DIGITAL CAMERATil nå har vi knytta til oss eit knippe med økologiske gardbrukarar og andre produsentar i Nord-Gudbrandsdalen, men vi er stendig på jakt etter fleire. Om du sjølv dyrkar nokre grønsaker, frukt eller bær, lagar gjenbruksprodukt eller miljøvenlege handverksprodukt eller liknande, og kunne tenkje deg å selje noko via oss, blir vi veldig glade om du tek kontakt!

Nå er det ikkje alt ein treng i kvardagen som er blir produsert i Nord-Gudbrandsdalen. Difor tek vi òg inn nokre produkt frå andre norske produsentar, og også frå utlandet når det knip. Likevel er målet heile tida å få dei heilheitleg sett mest miljøvenlege produkta. Difor er alle dei meir «langreiste» produkta våre økologiske.