Andre norske produsentar og leverandørar

Holli-Trygve-på-melsekker-v2Holli Mølle held til på garden Holli i Spydeberg i Østfold. Dagleg leiar Trygve Nesje er oppteken av stuttreist mat, og mjølet frå mølla er male av økologisk korn frå eigen gard og frå andre økogardar på Austlandet. På nettsida deira finn du meir informasjon om dei ulike gardane kornet kjem frå. Holli Mølle produserar steinmale mjøl av både vanleg kveite og landkveite, vanleg rug og svedjerug, spelt, emmer, einkorn og havre.

 

Rørosmeieriet Rørosmeierietheld ikkje overraskande til på Røros. Dei produserer mjølk, fløyte, ost og smør av økologisk mjølk frå Rørostraktane.

 

HeliosHelios var første vidareforhandlar av økologisk mat i Noreg. Tidlegare dreiv dei fleire utsal av økologiske produkt, men nå opererer dei utelukkande som leverandør under grossisten Alma. Dei fleste Helios-produkta er ikkje berre økologiske, men også biodyamiske. Det tyder at det er stilt enda strengare krav til produksjonen, mellom anna må all produksjon på garden tilfredsstille krava, ikkje berre det enkelte produktet. Helios foretrekk norske råvarer, men brukar utanlandske der dei ikkje finn norske.

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *