Lokale produsentar frå Nord-Gudbrandsdalen

OLYMPUS DIGITAL CAMERAOla Aukrust
driv Aukrust urteri i Bøverdalen i Lom. Ola er ein erfaren urte- og grønsaksdyrkar, som produserer mange ulike produkt av både ferske og tørka urter (bl.a. tear og urteblandingar), samt dyrkar fleirfaldige grønsakstypar og lagar ei eiga spekepølse av storfeet på garden. Urter og grønsaker frå Aukrust er både Debio– og Demetermerka. Demeter er merket for biodynamisk jordbruk, og har strengare krav enn vanleg økologisk merking. Pølsene inneheld konserveringsmiddel.

 

OLYMPUS DIGITAL CAMERAThea Grobstok Dalen og Hilding Jonassen
har eit variert utval av grønsaker og urter på Nordgard Råstad i Finntryu i Vågå. Dei samarbeider om urteproduksjonen med «Søstrene Råstad». Produkta deira er dyrka etter økologisk prinsipp, men er ikkje Debio-godkjende ennå. Thea og Hilding vil gjerne utvide dyrkinga viss produkta deira slår an på markedet.

Jan Erik Mæhlum
produserer økologisk godkjende Troll- og Odinia-poteter på Søre Kvåle gard i Skjåk. Jan Erik leverer òg  knallgode sukkererter til oss på sommaren. Han arbeider som rådgivar for Norsk Landbruksrådgiving Gudbrandsdalen, og han har eit vekstskiftesamarbeid med garden Søre Hosar i Skjåk.

OLYMPUS DIGITAL CAMERAEivind Øvrelid
på Søre Hosar i Skjåk produserer økologiske gulrøter, raubete og kålrot, og er einaste produsent av økologisk stikklauk i Noreg. Grønsakene er Debio-kontrollerte, og garden har eit vekstskiftesamarbeid med Søre Kvåle i Skjåk.

 

 

Ågot RåstadÅgot Råstad og Torstein S. Ytre
er småskala urteprodusentar frå Nørdre Dalain i Skjåk, og Ågot er kanskje betre kjend som ei av «Søstrene Råstad». Dei lagar tear og urteblandingar av heimdyrka og viltveksande urter som dei turkar sjølve, samt produserer sauekjøt. Urtene er økologiske, men ikkje  Debio-merka.

Go’sjokoladen lager økologisk, sukkerfri konfekt med bare naturlige ingredienser.

 

OLYMPUS DIGITAL CAMERAMangesysleriet
er Per Stabell og Bjørg Schultz sitt verk. Dei har 12 bikuber med tusental flittige arbeidarar som produserer sommarhonning frå Nordherad. Honningen er ikkje økologisk godkjend, fordi dette krev dokumentasjon frå alle dei kringliggjande gardane om at eng og skog ikkje sprøytast. Dette blir for tungvint, sjølv om Per forsikrar oss om at det ikkje foregår noko slik sprøyting. Biene blir ikkje vengjeklipte, og røyken som brukast består kun av vatn, evt noko elgmøkk frå skogen. Om vinteren får biene sukkervatn av ikkje-økologisk sukker.
Vi har diverre selt ut all honnigen frå Mangesysleriet for i år,  men gler oss allereie til neste års produksjon.

 

Sandra og Rolv T. KjekaOLYMPUS DIGITAL CAMERA
produserer økologisk godkjend ull frå eigne alpakkaer på garden Kjeka i Skjåk. Ulla blir spunne til garn ved Telespinn, eit engelsk spinneri i Telemark, som har spesialkunnskap om spinning av denne statiske ulla. Garnet kjem i naturfargar, foreløpig mellombrun, mørk brun og beige.

 

Den lille tytingfabrikkenDSC00106_resized_again
drivast av Solveig Nymoen og Leif Ola Rønningen på garden Nedre Hamn i Sel. Solveig og Leif Ola kokar syltetøy av bær og rabarbra frå utmarka og frå setrer og hagar. Dei har noko økologisk syltetøy og noko med konvensjonelt sukker. Både inneheld noko tilsetjingsstoff, men bær og rabarbra er så reine og naturlege som dei kan bli. For tida har vi syltetøy av tyting, blåbær, jordbær, solbær og rabarbra frå Den lille tytingfabrikken.

Blomsterhøns spiser grasSolveig og Leif Ola har òg verpehøns som lever av økologisk fôr, beite og matrestar. Hønsa er dels kvite italienarar, dels skånske blomsterhøns. Dei siste er ein gammal landrase som legg egg i ulike sjatteringar av brunt og spetta.

 

AlucitaElisabeth Stadeløkken Wentzel
er utdanna i mote og design frå Høgskulen i Oslo. Gjenbruk er nøkkelordet i Heidalsbedrifta Alucita der Elisabeth syr lekre plagg av restestoff. Vi har vore så heldige å få selje eit utval av Alucita-kolleksjonen i butikken vår. Kom gjerne innom og prøv!

http://www.grontrad.no/wp-admin/post.php?post=459&action=edit&message=6

 

Heidal landbruksprodukter Heidal landbruksprodukter Thomasdrivast av Diana og Thomas Stebergløkken på Øvre Bergdølmo i Nedre Heidal. Garden er ikkje økologisk, men dei slaktar sjølve og leverer 100% sporbare kjøtprodukt. Vi har valt å selje viltkjøtet deira, samt lam som har gått i utmark heile livet og ikkje ete kraftfôr.

 

vbg-1Valbjør gard
i Vågå drivast økologisk og er mellom anna kjend som overnattingsstad og for geitpølsene sine. Pølsene er ikkje økologisk godkjende avdi det nyttast noko konvensjonelt kraftfôr til geitene. Til gjengjeld er det dei einaste spekepølsene vi har funne som er heilt frie for konserveringsmiddel.

 

 

Legg att eit svar

Epostadressa di blir ikkje synleg. Påkravde felt er merka *