Merkelapparkiv: Alucita

Manglar du juleantrekk? Nå har vi 20% på Alucita redesign!

Mange har spurt oss kvar det vart av redesignkleda til Elisabeth S. Wentzel i Alucita redesign frå Heidal som vi hadde i butikken vår ei stund. Nå er dei her att, med 20% rabatt fram til jul! Kjøper du redesign, kjem du nesten garantert til å ha eit heilt unikt produkt, og du gjer i tillegg miljøet ei teneste.

Noko for einkvar smak?
Kjolar for einkvar smak?

For å vise fram redesignkleda litt betre, knipsa vi Elisabeth og oss sjølve med diverse kjolar på. Fotosesjonen gjekk i hui og hast, og vi er korkje proffe modellar eller fotografar, men resultatet vart da ikkje så aller verst likevel!

Det er kanskje ikkje så lett å sjå, men vi har òg på oss flotte redesignsmykke frå Irene Fagernes Keyn i IFK Design frå Otta. Desse smykkene finn du òg hjå Grøn tråd.

Trude og Elisabeth, -klare for fest!
Trude og Elisabeth, -klare for fest!

 

 

Kjolane er òg veldig praktiske!
Kjolane er òg veldig praktiske!
Flott syerske i sjølvsydd kjole!
Flott syerske i sjølvsydd kjole!
Kjole for den som ikkje trivst med å drukne i mengda!
Kjole for den som ikkje trivst med å drukne i mengda!

 

 

Velkomen på ein grøn handel!

Julemarknad på Otta, og litt om søndagsope i desember og slikt

OLYMPUS DIGITAL CAMERASøndag skal vi på julemarknad på Otta frå kl. 14 – 18. Dette er den siste julemarknaden vi er med på i år. Med på laget får vi Elisabeth Stadeløkken Wentzel frå Alucita som sel frå redesignkolleksjonen sin.

Vi har elles ikkje tenkt å vera med på søndagsope eller ekstra langopenkveldar fram mot jul. Grunnen til dette er at vi meiner det er eit press på varehandelen i våre dagar som
i ytterste konsekvens fører til ekstreme opningstider som t.d.
nattopne butikkar. Undersøkjingar viser at korkje butikkar eller
kundar ønskjer dette, men når nokon byrjar opne lengre, må dei
andre likevel følgje etter for ikkje å tape kundar. Resultatet
blir mellom anna

  • rovdrift på naturen fordi folk handlar enda meir dei ikkje treng
  • rovdrift på dei butikktilsette som må jobbe til meir og meir
    ubekvemme tider
  • at vi alle får mindre og mindre tid som er fri frå stress og
    mas
  • at det blir dyrare å drive butikk fordi det trass alt er grenser
    for kor stort salspotensial det finst, noko som vidare fører til
    auka prisar.

Alt i alt håpar vi kundane våre set pris på at vi ønskjer dykk
(og oss) handlefrie søndagar og elles normale opningstider!

Venleg helsing Randi og Trude i Grøn tråd