Merkelapparkiv: Aukrust

Te-veke!

Det er heilt tydeleg tid for te nå, så vi vil derfor nytte høvet til å vise fram det vi har av lokal te i butikken vår.

Alle dei lokale teane vi tilbyr er i lausvekt, og dei kjem frå Aukrust i Lom og Søstrene Råstad i Vågå/Skjåk.  Aukrust produserar mange ulike urte-, krydder-, frukt- og bærtear, medan Søstrene Råstad kun lagar to reine urtetear. Du kan lesa meir om Aukrust og Søstrene Råstad her.

Vi vil ha smaksprøve av nokre lokale tear torsdag, fredag og laurdag. Alle som kjem innom denne veka får elles ein gratis tepose (ikkje lokal) av oss. Velkomen til te-tid!

Vekesprodukt: Urtesalt frå Aukrust gard og urteri i Lom

urtesalt aukrustIslandsk flaksalt med økologiske urter frå solveggen på Aukrust gard og urteri i Lom! Urtesaltet er samansett for å få fram mest mogleg aroma – slik at ein mellom anna ikkje treng bruke så mykje salt.

Saltbasen liknar mykje på det meir kjende, engelske maldonsaltet, men kjem altså frå Island, der saltet vert utvunne frå sjøvatn ved hjelp av vulkansk varme.

Både salt og urter er grove og malast før bruk. På denne måten får du alltid nymale urtesalt, som gjev den beste aromaen. Kjøper du urtesaltet med tilhøyrande kvern, får du ei kvern av god kvalitet. Eit kvernhus av keramikk sørgjer for at ho varer mykje lengre enn ei kvern med plastkvernhus. Du kan sjølvsagt òg kjøpe urtesaltet i refillpakkar utan kvern, om du ønskjer det.

Klassisk urtesalt frå Aukrust inneheld, i tillegg til islandsk flaksalt, lauk, persille, timian,  basilikum, selleriblad, grønkål, gulrot, dill, raudbet og paprika. Det er ei mild blanding som passar til alt, både varme og kalde rettar eller strødd over salat, ost, egg og mykje anna.

Kom innom torsdag, fredag eller laurdag for ein smak!