Merkelapparkiv: butikkopning

Butikken fyller år

I desse dagar er det eitt år sida Grøn tråd tok skrittet frå torgsal til opning av butikk. I løpet av denne tida har vi skifta lokale og utvida vareutvalet vårt temmeleg mykje. Vi er i det heile rimeleg nøyde med utviklinga dette første året. Berre samanlikn bileta under av butikken ved opninga i fjor og nå!

Tusen takk til alle som har vore med og gjort det mogleg å utvikle butikken vidare!!

På laurdag markerer vi årsdagen med enkel og sunn servering til alle som kjem innom. Velkomen!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA
BUTIKKEN I FJOR
OLYMPUS DIGITAL CAMERA
BUTIKKEN I HAUST
OLYMPUS DIGITAL CAMERA
UTVALET AV HOLLIMJØL I FJOR
mob 054CROPPED
NOKO AV HOLLIUTVALET NÅ
OLYMPUS DIGITAL CAMERA
LAUS VEKT-UTVALET I FJOR
mob 050
NÅ: MJØL OG GRYN I LAUS VEKT
mob 051
NÅ: GLUTENFRIE VARER, RIS OG SUKKER I LAUS VEKT

Takk!

til alle som var innom oss på opningsdagen vår. Alt er ikkje 100% på plass, men vi er stolte og glade over det vi har fått til. I dag unner vi oss ein kviledag, men tar oss tid til å leggje ut nokre bilete frå den store dagen:

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Slik vart butikken sjåande ut. Det miljøvenlege framkomstmiddelet blir nok eit fast innslag på utsida 🙂

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

På innsida såg det for anledninga slik ut, med servering av stikkelsbærkake og vår berømte grønkålsmoothie. Diverre er ikkje lokalet vårt godkjend for kafédrift, så vi har ikkje lov til å selje slikt, men smoothien kan du lage sjølv etter denne oppskrifta.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Ein ekstra takk til Even Lusæter som spilte ein opningsvals for oss.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Etter valsen vart det klipping av ein grøn tråd.

Ein liten kikk på vareutvalet. Økologiske grønsaker frå Lom og Skjåk, nesten økologisk jordskokk frå Vågå og økologiske eple frå Urnes i Sogn.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Økologiske graskar og steviaplanter frå Tingvoll:

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Økologisk mjølk og fløyte frå Rørosmeieriet:

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Kjøt av vilt og utegangarlam frå Heidal landbruksprodukter:

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Lokalproduserte urter, alpakkagarn, egg, leppepommade, syltetøy og spekepølser:

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Økologisk mjøl frå Holli mølle i Spydeberg:

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Sjølvforsyning av økologisk corn flakes:

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Økologiske vaskemiddel og hygieneprodukt:

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Redesignklær frå Alucita i Heidal:

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Og enda mange fleire økologiske matvarer:

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

 

Velkomne til offisiell butikkopning

grand openingLaurdag brakar det laus, og vi er ikkje så lite spente no. Men nå står snart berre den morosamme delen av jobben att: å pakke ut flotte varer og setje dei inn i hyllene som står og ventar.

Butikkdørene opnar klokka 10, men klokka 12 har vi gleda av å ønskje dykk velkomne til offisiell opning, med noko enkel servering og underhaldning. Håper vi ser dykk der!