Merkelapparkiv: dyrke eigne grønsaker

Nyheit! Lokaldyrka økologiske urter og grønsaker i potte

sjoaurter 023Den dyktige gartnaren Adi Bertoli står bak bedrifta Sjoa urter og grønt som har levert desse flotte plantene til oss. Dei er dyrka på Sjoa etter økologiske prinsipp og i Debio-godkjend jord, og er klare for utplanting i hagen din. Utvalet vil truleg bli utvida etter kvart, og består allereie av:

  • timian
  • basilikum-mynte
  • grønmynte
  • pepparmynte
  • kornblome
  • ringblome
  • salat
  • bondebønne
  • pipelauk
  • luftlauk
  • fransk estragon
  • ingefærmynte
  • jordskokk
  • bladpersille

Lever gjerne pottene attende til oss, for Adi blir glad om ho får dei i retur om du ikkje har bruk for dei. 🙂

Nå er hagefrøa her!

grønkålmiksgulrot-cosmic-purpleEin skulle ikkje tru det når ein kikar ut av glaset, men det er faktisk på tide å tenkje på grønsakshagen. Derfor har vi fylt opp frøhylla vår med over 50 slag hagebruksfrø, samt nokre nye spirefrø frå Solhatt økologisk hagebruk.

Vi er spesielt stolte av desse nykommarane i år:

  • norskproduserte frø til gule tomatar
  • lilla gulrot
  • grønkålmiks (4 ulike slag grønkål)
  • sukkermais
  • knutekål
  • chili
  • knollfennikel
  • sitronbasilikum
  • stevia

og fleire til… Velkomen innom butikken for å sjå resten av utvalet!

Økologisk grønsaksdyrkingskveld!

grønt

Sukkererter, knollfennikel og bondebønner.

Har du lyst til å veta meir om dyrking av eigen mat utan bruk av sprøytemiddel og kunstgjødsel?

Da er du hjarteleg velkomen til å koma og dele idèar og erfaringar om økologisk grønsaksdyrking på

Frivilligsentralen i Vågå (Gammelstugu),

måndag 7. mars frå kl. 19.00!

Den erfarne urte- og grønsaksdyrkaren Ola Aukrust frå Aukrust gard og urteri i Lom blir med oss denne gongen òg. Vi sel økologiske frø frå det norske frøselskapet Solhatt.

Gratis inngang, vi serverer økologisk te og kaffe. Ta med litt biteti («sending») sjølv viss du ønskjer noko å tyggje på. Meld gjerne ifrå om du tenkjer å koma til Randi på tlf. 900 58 159.

Velkomen til ein skikkeleg grøn kveld!

Grøn helsing frå

Randi Bjørnstad og Trude Lyngby

Likar du lauk? Vi har nå settelaukar til ein billig penge!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

I dag fekk vi inn eit lass med økologiske settelaukar frå Søre Hosar i Skjåk. Dette er restelaukar, og sidan dei er litt store til settelauk å vera, er det større fare for stokkløping (dvs. at laukane deler seg). Vi tilbyr dei derfor til ein rimeleg penge. Til opplsyning bør ikkje laukane setjast i jorda før faren for nattefrost er over. Lauk likar òg næringsrik jord.

– God laukdyrking!

Delekveldar om økologisk grønsaksdyrking og redesign, samt nokre nye varer

Fyrstkomande måndag, dvs. måndag 20. april, har vi tenkt å ha ein delekveld om økologisk  grønsaksdyrking i Gammelstugu på Frivilligsentralen i Vågå, frå kl. 19.00. Vi har med oss den erfarne urte- og grønsaksdyrkaren Ola Aukrust for høvet, og håpar at mange vil koma til denne uformelle og sosiale kvelden for å dele erfaringar og inspirasjon om dyrking. Vi serverar te og kaffe, og vi ber besøkjande om å ta med seg «sending» av noko slag, t.d. ein enkel grønsaksrett. Vi sel økologiske frø for høvet. Vel møtt til ein ordentleg grøn kveld!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Vi smeller òg til att med ein redesign delekveld måndagen etter, dvs. måndag den 27. april frå kl. 19.00, på Frivilligsentralen i Vågå. Vi har som vanleg med oss Elisabeth S. Wentzel som erfaren sydame. Vi tek sikte på å få til desse kveldane ein gong i måndagen, annankvar gong i Vågå og på Otta.  Velkomen til nok ein triveleg sykveld!

Alucita

Elles har vi denne veka fått inn følgjande varer:

Yes! Endeleg har det kome yoghourt naturell i beger frå Rørosmeieriet!
-Yes! Endeleg har det kome yoghourt naturell i beger frå Rørosmeieriet!
Glutenfritt kastanjeknekkebrød frå Le Pain des fleurs, kapers i lake frå Marschland og 75% mørk sjokolade m/kokosblomstsukker frå Vivani.
Glutenfritt kastanjeknekkebrød frå Le Pain des fleurs, kapers i lake frå Marschland og 75% mørk sjokolade m/kokosblomstsukker frå Vivani.
To nye glutenfrie frokostblandingar: Fleirkornflakes og brun puffa ris frå BigOZ.
To nye glutenfrie frokostblandingar: Fleirkornflakes og brun puffa ris frå BigOZ.

Velkomen innom!