Merkelapparkiv: fløyte

Vekesprodukt: Fløyte frå Rørosmeieriet

– Endeleg er dei her: Små fløytekartongar på 3dl frå Rørosmeieriet!Tidlegare har meieriet berre tilbydd 1-l-kartongar, men nå blir det meir praktisk for folk flest å skaffe seg denne spesielt gode fløyten.

Forretningsidéen til  Rørosmeieriet er å «tilby økologisk mat av høy kvalitet gjennom industrialisert håndverksproduksjon, med utspring i rike mattradisjoner og gode råvarer fra Rørostraktene»,  og dei har som mål å vera det framste økologiske meieriet i Norge. Dei legg òg vekt på at emballasjen deira skal vera miljøvenleg. Les meir om Rørøsmeieriet her.

Kom innom og få smaksprøve av fløyten torsdag, fredag eller laurdag!