Merkelapparkiv: grønsaker

Vekesprodukt: Grønsaker frå Nord-Gudbrandsdal

GulrotDenne veka vil vi gjera litt ekstra stas på lokalgrønsakene våre. Dette er produkt vi er spesielt glade i og stolte av. Det er ikkje alltid så lett å  oppfylle målet vårt om å selje varer som er både sunne, reine, økologiske og stuttreiste, men lokalgrønsakene våre lever opp til alle desse krava. Dei var òg dei første produkta vi selde da vi starta opp for drygt to år sidan. Grønsakene våre er økologisk dyrka og kjem frå Nordgard Aukrust i Lom, Søre Kvåle og Søre Hosar i Skjåk, og frå Nordgard Råstad i Vågå. Du kan lesa meir om dei lokale produsentane våre her.

Kom innom ein tur torsdag, fredag eller laurdag, så får du ein smak av dei friske økologiske lokalgrønsakene våre.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA PolkabeterPurreSalat_croppedTomat_croppedOLYMPUS DIGITAL CAMERAKål

Nyheit! Lokaldyrka økologiske urter og grønsaker i potte

sjoaurter 023Den dyktige gartnaren Adi Bertoli står bak bedrifta Sjoa urter og grønt som har levert desse flotte plantene til oss. Dei er dyrka på Sjoa etter økologiske prinsipp og i Debio-godkjend jord, og er klare for utplanting i hagen din. Utvalet vil truleg bli utvida etter kvart, og består allereie av:

  • timian
  • basilikum-mynte
  • grønmynte
  • pepparmynte
  • kornblome
  • ringblome
  • salat
  • bondebønne
  • pipelauk
  • luftlauk
  • fransk estragon
  • ingefærmynte
  • jordskokk
  • bladpersille

Lever gjerne pottene attende til oss, for Adi blir glad om ho får dei i retur om du ikkje har bruk for dei. 🙂

Vekesprodukt: Raudbete; ei stuttreist «supergrønsak»!

Vi vil altså denne veka slå eit slag for den sunne og gode raudbeta, og kan tilby lokale raubeter frå Søre Hosar i Skjåk.

Raudbete er rekna for å vera  den rotgrønsaken som har høgast innhald av antioksidantar. Ho inneheld òg mykje C-vitamin, og kan vera ei viktig kjelde til mineral som fosfor, kalsium og jern. Frå gamalt av var raudbeta faktisk hylla for dei medisinske eigenskapane sine, så vi meiner vi med rette kan kalle dette for ei (dels undervurdert) «supergrønsak».

Raudbeta kan nyttast til mange ulike matrettar, og vi vil torsdag, fredag og laurdag by på smaksprøve av raudbetdipp, som du kan finne oppskrifta på her. Vi har fleire raudbetoppskrifter på lager på oppskriftsida vår her på heimesida, samt på oppskriftsark i butikken.

Nå er hagefrøa her!

grønkålmiksgulrot-cosmic-purpleEin skulle ikkje tru det når ein kikar ut av glaset, men det er faktisk på tide å tenkje på grønsakshagen. Derfor har vi fylt opp frøhylla vår med over 50 slag hagebruksfrø, samt nokre nye spirefrø frå Solhatt økologisk hagebruk.

Vi er spesielt stolte av desse nykommarane i år:

  • norskproduserte frø til gule tomatar
  • lilla gulrot
  • grønkålmiks (4 ulike slag grønkål)
  • sukkermais
  • knutekål
  • chili
  • knollfennikel
  • sitronbasilikum
  • stevia

og fleire til… Velkomen innom butikken for å sjå resten av utvalet!

Økologisk grønsaksdyrkingskveld!

grønt

Sukkererter, knollfennikel og bondebønner.

Har du lyst til å veta meir om dyrking av eigen mat utan bruk av sprøytemiddel og kunstgjødsel?

Da er du hjarteleg velkomen til å koma og dele idèar og erfaringar om økologisk grønsaksdyrking på

Frivilligsentralen i Vågå (Gammelstugu),

måndag 7. mars frå kl. 19.00!

Den erfarne urte- og grønsaksdyrkaren Ola Aukrust frå Aukrust gard og urteri i Lom blir med oss denne gongen òg. Vi sel økologiske frø frå det norske frøselskapet Solhatt.

Gratis inngang, vi serverer økologisk te og kaffe. Ta med litt biteti («sending») sjølv viss du ønskjer noko å tyggje på. Meld gjerne ifrå om du tenkjer å koma til Randi på tlf. 900 58 159.

Velkomen til ein skikkeleg grøn kveld!

Grøn helsing frå

Randi Bjørnstad og Trude Lyngby

Delekveld om innhausting, lagring og konservering av grønsaker, frukt og bær!

grøntPreservesConserves

Har du lyst til å veta meir om korleis du kan oppbevare grønsaker, frukt og bær utover vinteren? Eller kanskje du har nokon gode tips til andre?

Da er du hjarteleg velkomen til å koma og dele idèar og erfaringar på

Grøn tråd på Otta (Johan Nygårdsgt. 8),

onsdag 23. september frå kl. 19.00!

 

Gratis inngang, vi serverer økologisk te og kaffe. Ta med litt biteti («sending») sjølv viss du ønskjer noko å tyggje på, elles stiller vi med litt snacks frå butikken for eit lite beløp. Meld gjerne ifrå om du tenkjer å koma, til Randi, tlf. 9005 8159, eller Trude, tlf. 9591 6859.

Velkomen til ein skikkeleg grøn kveld!

 

Grøn helsing frå

Randi Bjørnstad og Trude Lyngby

Nyheitsbrev nr. 14

Kjære venar av Grøn tråd,
– Veke nr. 14 etter bedriftstart er i gang!
Denne veka blir temmeleg «normal»; vi blir å finne på dei same plassane til dei same tidene. Vi er elles i ferd med å skrive under på ei leigekontrakt og håpar å koma oss innandørs på Otta i november, så det er ekstra spanande tider i vente!- Følg med i neste episode…!
Minnar om at det nå er mogleg å bestille 18 kg-sekkar med poteter, samt 5 kg-sekkar med gulrot, kålrot og raudbete.
Slik vil denne veka sjå ut:

      • Utsalsstad:
        Vi blir å finne utanfor Mega på Otta fredag og ved Lie-hjørnet i Vågåmo laurdag.
      • Opningstider:
        Otta: Frå ca. kl. 15.30 – 18.00.
        Vågå: Kl. 11.00 – 15.00.
      • Vareutval:
        • Grønsaksutvalet denne veka blir truleg som følgjer:
          Salat, gul og raud kepalauk, sjalottlauk, jordskokk, raudbete, gulbete, polkabete, poteter, gulrot, grønkål, kvitkål, raudkål, purre, sellerirot, graskar, steviaplanter og epler (Aroma frå Urnes i Sogn).
        • I tillegg har vi urtete og -krydder, epleknask (frå Aukrust), spekepølser av storfe/gris og geit, tyting-, rabarbra- , solbær- og blåbærsyltetøy, egg og alpakkagarn.

Vi har gratis smaksprøver av syltetøy, urter, spekepølser, epleknask, jordskokk og stevia.
Velkomen innom torgbua vår!
Grøn helsing frå
Randi og Trude

Nyheitsbrev nr 11

Kjære venar av Grøn tråd,
Ottamartnan og Grøn kafe er over for denne gong, og vi er framleis i live! Det var laaange dagar, men det var artig å kunne vise fram ei anna side ved oss sjølve, samt treffe veldig mange trivelege folk.

OLYMPUS DIGITAL CAMERAMange er nok skrekkeleg spente på resultatet av superraudbetkonkurransen vår! Dei må dessverre vente litt til, da vi ikkje har hatt tid til å sjå gjennom alle tippingane enno. Men resultatet blir snarast kunngjort på heimesida vår (www.grontrad.no), samt i neste nyheitsbrev.

Akkurat nå er grønsakssesongen i dalen på topp, og nokon av dei lokale varene vi har tilgang på vil etter kvart ta slutt. Poteter, gulrot, kålrot og raudbete veit vi at vi har nokså stabil tilgang på utover vinteren. Desse blir det framover òg mogleg å bestille større kvantum av; 18 kg-sekkar med poteter frå Søre Kvåle i Skjåk, og 5 kg-sekkar med gulrot, kålrot og raudbete frå Søre Hosar i Skjåk. Ta kontakt om du ønskjer du å «hamstre» desse lokale lagringsgrønsakene til vinteren.

Vi har planar om å ha eit fermenteringskurs temmeleg snart (sannsynlegvis søndag den 19. oktober), der folk kan få lære seg denne sunne og enkle måten å konservere grønsaker på. Du vil få nærare info. om kurset når alt er planlagt, men ta gjerne kontakt om du er interessert i å høyre meir om og evnt. melde deg på kurset.

TrappebildeDenne veka blir vi atter å finne både på Otta og i Vågå, men ved litt andre tidspunkt. Sidan vi båe avspaserer frå skulen vi arbeider ved, vil vi ha torgbua vår på Otta tidlegare på dagen fredag. Laurdag har vi takka ja til å vera med på ein saukårings- og haustmarknadsdag på Klones i Vågå i regi av Vågå Sau og Geit, der det i tillegg vil bli ymse aktivitetar for både store og små. Dette gler vi oss ekstra til!
Slik vil denne veka sjå ut:

  • Utsalsstad:
    Vi blir å finne utanfor Mega på Otta fredag og på Klones i Vågå laurdag.
  • Opningstider:
    Otta: Frå ca. kl. 12.00 – 16.00.
    Vågå: Kl. 12.00 – 16.00/1700.
  • Vareutval:
    Grønsaksutvalet denne veka blir truleg som følgjer:
    Salat, gul og raud kepalauk, sjalottlauk, jordskokk, raudbete, gulbete, sirkelbete, poteter, store tomatar og cherrytomatar, gulrot, grønkål, vinterkål, raudkål, knollfennikel, purre og sellerirot. Vi får òg epler via Aukust.I tillegg har vi som før urtete og -krydder, epleknask (frå Aukrust), spekepølser av storfe/gris og geit, tyting-, rabarbra- og blåbærsyltetøy, egg, honning og alpakkagarn.Vi fortset med gratis smaksprøver av både syltetøy, urter, spekepølser og epleknask.

Velkomen innom torgbua vår!
Grøn helsing frå
Randi og Trude

Nasjonal restetorsdag

Du kjenner kanskje til initiativet Restetorsdag som oppmuntrar til å gjera seg nytte av matrestar i staden for å kaste dei. I dag arrangerer Matvett og Forbrukarrådet Nasjonal restetorsdag.

I Norge kastar vi utrulege 46,3 kg mat i året, mykje av det fordi matrestar «gløymest» att inst i kjøleskapet eller, enda verre, går rett i søppelbøtta. Noko av grunnen til det er kanskje at vi har gløymt korleis vi kan nytte restane? Her får du nokre tips!

Restetallerkenrestetallerken

Noko av det enklaste ein kan gjera om ein har mange små restar som ikkje duger til eit måltid aleine, er å samle dei på eit ildfast fat, dekke til og setja det ei stund i ovnen. Litt saus og friske grønsaker og urter friskar opp.

Salat

Dei fleste restar av middagsmat og pålegg gjer seg godt kalde i ein salat. Legg til friske salatblad, ein god dressing og evt nokre fleire salatgrønsaker. Eit dryss friske urter er prikken over ien!

Grateng

Middags- og påleggrestar kan òg blandast i ein ildfast form. Visp saman litt egg, mjølk og krydder og hell over, og strø ost over på toppen. Sett i ovnen på 200-225 grader og steik til osten er gyllen.

Dei gamle gode resterettane

I dag er det kanskje få som tenkjer på at mange av dei kjente og kjære rettane våre opprinneleg oppsto som ein måte å lage noko godt av restar på. Som regel er det berre nokre få ingrediensar som er obligatoriske for å lukkast, elles kan du fylle på med restar:

  • Vaflar: Du treng egg (evt eggerstatning), noko feitt (smør, margarin, olje) og noko søtt om du likar det. Elles kan du bruke alle slags mjølrestar, og gjerne anna korn, gryn og stivelse (f.eks. potetar). Som væske duger alle slags mjølkeprodukt, men òg restar av anna drikke, som juice, saft og sjølvsagt vatn.
  • Lapskaus: Du treng potetar, salt, pepar og det du måtte ha av grønsaker. Alle slags restar av kjøtmat kan brukast om du likar det. Start med å brune rå ingrediensar, ha på vatn og la koke til det er mørt. Ha i kokte ingrediensar mot slutten. Om du har nokre kokte potetar, blir lapskausen ekstra god om du moser dei før du blandar dei i gryta.
  • Pizza: Du treng ein pizzabotn (mjøl – gjerne restar, salt, gjær og vatn), tomatpuré og noko slags ost. Elles kan kva som helst brukast som fyll, berre fantasien set grenser. Pizzakrydder er godt å ha. Varier med kvitlauk, oregano, basilikum, timian og/eller meriam.

Du har sikkert fleire gode idear til korleis ein kan bruke restemat. Vi set pris om du vil dele dei med oss, f.eks. ved å skrive ein kommentar nedanfor.

Vi i Grøn tråd er svært opptatt av å unngå kasting av mat. Difor kjøper vi mellom anna sjølve alt som er att av grønsaker etter ei torgbu og brukar dei i eigen mat. Det er spennande å finne på nye ting å lage ut ifrå det utvalget ein sit att med frå gong til gong, og det blir mykje godt utav det!