Merkelapparkiv: julemarknad

Julemarknad i Ullinsvin, Vågå

julemarkedHei, hå, nå er det jul igjen …!

– Eller ikkje riktig enno, heldigvis! Det er derimot tid for julemarknader att, og laurdag 21. november stiller Grøn tråd og Alucita og mange andre lokale aktørar og bedrifter med torgbu i Ullinsvin (prestegarden) i Vågå. Marknaden held på frå kl. 11 – 15, og det blir òg matservering og diverse aktivitetar for barn.

Vi håpar å sjå dykk der!

Julemarknad på Otta, og litt om søndagsope i desember og slikt

OLYMPUS DIGITAL CAMERASøndag skal vi på julemarknad på Otta frå kl. 14 – 18. Dette er den siste julemarknaden vi er med på i år. Med på laget får vi Elisabeth Stadeløkken Wentzel frå Alucita som sel frå redesignkolleksjonen sin.

Vi har elles ikkje tenkt å vera med på søndagsope eller ekstra langopenkveldar fram mot jul. Grunnen til dette er at vi meiner det er eit press på varehandelen i våre dagar som
i ytterste konsekvens fører til ekstreme opningstider som t.d.
nattopne butikkar. Undersøkjingar viser at korkje butikkar eller
kundar ønskjer dette, men når nokon byrjar opne lengre, må dei
andre likevel følgje etter for ikkje å tape kundar. Resultatet
blir mellom anna

  • rovdrift på naturen fordi folk handlar enda meir dei ikkje treng
  • rovdrift på dei butikktilsette som må jobbe til meir og meir
    ubekvemme tider
  • at vi alle får mindre og mindre tid som er fri frå stress og
    mas
  • at det blir dyrare å drive butikk fordi det trass alt er grenser
    for kor stort salspotensial det finst, noko som vidare fører til
    auka prisar.

Alt i alt håpar vi kundane våre set pris på at vi ønskjer dykk
(og oss) handlefrie søndagar og elles normale opningstider!

Venleg helsing Randi og Trude i Grøn tråd

Julemarknad i helga

Hei, hå, nå er det snart jul igjen!

Vi skal vera med på førjulsmarknad i Ullinsvin (prestegarden) i Vågå laurdag og på Lalm samfunnshus søndag.  Vi tenkjer å stille med eit utval av økologiske julevarer som gløggkrydder, speltpepparkaker, ulike julekrydder, sjokolade, mandlar, te, grautris, julebakstingrediensar m.m.. I tillegg vil vi ta med nokon av dei gode, gamle torgbuvarene våre som grønsaker og urtar. Med oss har vi i tillegg Alucita-dama Elizabeth O. Wenzel og dei lekre redesignkleda hennar.

Vi gler oss til å treffe både gamle og nye kundar ute i felten att!

PS: Butikken er open laurdag, som vanleg.