Merkelapparkiv: kaffe

Grøn tråd har nå kaffekvern!

Fyrstemann innom til å prøve kaffekverna vår får 25% rabatt på ein liten kaffepose frå Stavanger kaffebrenneri.

I tillegg byr vi torsdag, fredag og laurdag på smaksprøve av nykverna kaffe frå Stavanger Kaffebrenneri, som altså er vekesproduktet vårt. Vi kan tilby moccabønner frå Sumatra og Etiopia, samt franskbrente espressobønner frå Peru, Etiopia og Sumatra. Båe typar bønner er svært fyldige og aromatiske. Minnar om at vi òg serverar kaffe i butikken vår.

Velkomen innom på ein ekstra god kopp kaffe!

Stavanger Kaffebrenneri er ei lita bedrift som tilbyr kaffe av handverkmessig standard. Brenneriet lagar fersk nybrent kaffe med bønner frå heilt spesielle og nøye utvalde områder i verda.

Stavanger kaffebrenneri foredlar bønnene gjennom langsom brenning på små brennarar for å la smak og aroma kome til sin rett. Posen held på den høge kvaliteten. Brenneriet er godkjend av Debio og sertifisert Carbon Neutral.

Nye varer, inkl. julevarer

Nå har vi fått inn ein del nye varer, bl.a. varer som eignar seg veldig godt som julegåver og i julebaksten:

Økologisk gløgg i år?
-Økologisk gløgg i år? Med gløggkrydder frå Aukrust og rosiner og mandlar frå Manna.
Julefred-te frå Aukurst
Julefred-te frå Aukrust
Julekrydder frå Aukrust
Julekrydder frå Aukrust
Herleg, sunn, økologisk og fairtrade sjokolade frå Sjokoladejentene i Follebu
Herleg, sunn, økologisk og fairtrade sjokolade frå Sjokoladejentene i Follebu
Smakfulle speltkjeks og Fibersnacks frå Den Gode Baker
Knasande og gode speltkjeks og Fibersnacks frå Den Gode Baker
Meir potetgull, nå òg med paprika! (Frå Lantchips)
Meir potetgull frå Lantchips, nå òg med paprika!
Heile kaffebønner frå Stavanger kaffebrenneri
Heile kaffebønner frå Stavanger kaffebrenneri
Blåbærsmoothie frå Nature Fresh og druejuice frå Meinklang, nam-nam!
Blåbærsmoothie frå Nature Fresh og druejuice frå Meinklang, nam-nam!
Overflate og vindusvask frå Sonett
Overflate og vindusvask frå Sonett

-Løp og kjøp! ;-D