Merkelapparkiv: konkurranse

Vi gratulerer!

Vinnaren av martnaskonkurransa vår vart Ingrid Gulliksen, som gjetta på grammet rett!

Potetkonk

Fredagen Ingrid var innom, vog poteten akkurat 500 g. Poteten tapte seg deretter i vekt p.g.a. fordamping, så laurdag vog han 496 g og søndag 494 g. Vekttapet vart sjølvsagt teke omsyn til da vi kåra vinnaren.

Gratulerer til Ingrid, som får ei GodSalve for alt frå Evas Hage på Sel i premie!

Konkurranse siste veka fram mot jul!

– Hjelp oss med å finne frosken!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Denne vesle, grøne krabaten har i det siste byrja med irriterande froskestrekar; han har nemleg starta med å leike gøymsel så han skal sleppe å leggje seg når vi stengjer butikken for dagen. Han gøymer seg absolutt overalt i butikken, og vi strevar fælt med å finne han att og byrjar å bli lei av å leite etter han. Ikkje seier han «pip» eingong.

Derfor spør vi nå om de kundane våre kan hjelpe oss med å finne han fram til og med julekvelden. Etter det reiser han på ferie til grønare land eit par veker, så da får vi håpe at han veks av seg unotane til han kjem heim att. Viss de klarar å finne han, blir de med i trekninga av ei stuttreist overrasking. Vi blir skrekkeleg takknemlege for alle som vil koma innom og hjelpe oss med å leite!

Nyheitsbrev nr 11

Kjære venar av Grøn tråd,
Ottamartnan og Grøn kafe er over for denne gong, og vi er framleis i live! Det var laaange dagar, men det var artig å kunne vise fram ei anna side ved oss sjølve, samt treffe veldig mange trivelege folk.

OLYMPUS DIGITAL CAMERAMange er nok skrekkeleg spente på resultatet av superraudbetkonkurransen vår! Dei må dessverre vente litt til, da vi ikkje har hatt tid til å sjå gjennom alle tippingane enno. Men resultatet blir snarast kunngjort på heimesida vår (www.grontrad.no), samt i neste nyheitsbrev.

Akkurat nå er grønsakssesongen i dalen på topp, og nokon av dei lokale varene vi har tilgang på vil etter kvart ta slutt. Poteter, gulrot, kålrot og raudbete veit vi at vi har nokså stabil tilgang på utover vinteren. Desse blir det framover òg mogleg å bestille større kvantum av; 18 kg-sekkar med poteter frå Søre Kvåle i Skjåk, og 5 kg-sekkar med gulrot, kålrot og raudbete frå Søre Hosar i Skjåk. Ta kontakt om du ønskjer du å «hamstre» desse lokale lagringsgrønsakene til vinteren.

Vi har planar om å ha eit fermenteringskurs temmeleg snart (sannsynlegvis søndag den 19. oktober), der folk kan få lære seg denne sunne og enkle måten å konservere grønsaker på. Du vil få nærare info. om kurset når alt er planlagt, men ta gjerne kontakt om du er interessert i å høyre meir om og evnt. melde deg på kurset.

TrappebildeDenne veka blir vi atter å finne både på Otta og i Vågå, men ved litt andre tidspunkt. Sidan vi båe avspaserer frå skulen vi arbeider ved, vil vi ha torgbua vår på Otta tidlegare på dagen fredag. Laurdag har vi takka ja til å vera med på ein saukårings- og haustmarknadsdag på Klones i Vågå i regi av Vågå Sau og Geit, der det i tillegg vil bli ymse aktivitetar for både store og små. Dette gler vi oss ekstra til!
Slik vil denne veka sjå ut:

  • Utsalsstad:
    Vi blir å finne utanfor Mega på Otta fredag og på Klones i Vågå laurdag.
  • Opningstider:
    Otta: Frå ca. kl. 12.00 – 16.00.
    Vågå: Kl. 12.00 – 16.00/1700.
  • Vareutval:
    Grønsaksutvalet denne veka blir truleg som følgjer:
    Salat, gul og raud kepalauk, sjalottlauk, jordskokk, raudbete, gulbete, sirkelbete, poteter, store tomatar og cherrytomatar, gulrot, grønkål, vinterkål, raudkål, knollfennikel, purre og sellerirot. Vi får òg epler via Aukust.I tillegg har vi som før urtete og -krydder, epleknask (frå Aukrust), spekepølser av storfe/gris og geit, tyting-, rabarbra- og blåbærsyltetøy, egg, honning og alpakkagarn.Vi fortset med gratis smaksprøver av både syltetøy, urter, spekepølser og epleknask.

Velkomen innom torgbua vår!
Grøn helsing frå
Randi og Trude

Konkurranse!

OLYMPUS DIGITAL CAMERADenne superraudbeta har vakse opp i hagen til ho Randi i sommar. Men kor mykje veg ho?

Vi gjer bort eit stort glas sommarhonning til den som kjem nærast den rette vekta. Det er gratis å tippe, og du kan forsøke fleire gonger, heilt til vi avsluttar konkurransen når Ottamartnan er over. Du kan tippe ved å leggja inn ein kommentar her på sida eller på Facebook, eller sjølsagt ved å stikke innom torgbua vår på Otta eller i Vågå. Der kan du òg få lyfte på beta.

Hugs uansett å leggja att namn og kontaktinfo, så vi får tak i deg om det er du som vinn.