Merkelapparkiv: Otta

Vi gratulerer!

Vinnaren av martnaskonkurransa vår vart Ingrid Gulliksen, som gjetta på grammet rett!

Potetkonk

Fredagen Ingrid var innom, vog poteten akkurat 500 g. Poteten tapte seg deretter i vekt p.g.a. fordamping, så laurdag vog han 496 g og søndag 494 g. Vekttapet vart sjølvsagt teke omsyn til da vi kåra vinnaren.

Gratulerer til Ingrid, som får ei GodSalve for alt frå Evas Hage på Sel i premie!

Takk for ein særs triveleg martna!

Kjære venar av Grøn tråd!
Takk til alle som var innom oss på Ottamartnan! Det var veldig mange trivelege folk, både gamle venar og spennande nye bekjentskap. Spesielt tusen takk til vår gode veninne Elisabeth Stadeløkken Wentzel i Alucita, som hjalp oss og heldt oss med selskap heile vegen! Og tusen takk til Jorge som vi ikkje hadde sett på fleire veker, og som dukka opp ved stengetid, bretta opp ermene og hjalp oss med å få alt pikkpakket vårt i hus!

Ottamartnan Tor Mariam mmOttamartnan NNOttamartnan Marcia MariamOttamartnan Elisabeth

Nyheitsbrev nr. 14

Kjære venar av Grøn tråd,
– Veke nr. 14 etter bedriftstart er i gang!
Denne veka blir temmeleg «normal»; vi blir å finne på dei same plassane til dei same tidene. Vi er elles i ferd med å skrive under på ei leigekontrakt og håpar å koma oss innandørs på Otta i november, så det er ekstra spanande tider i vente!- Følg med i neste episode…!
Minnar om at det nå er mogleg å bestille 18 kg-sekkar med poteter, samt 5 kg-sekkar med gulrot, kålrot og raudbete.
Slik vil denne veka sjå ut:

      • Utsalsstad:
        Vi blir å finne utanfor Mega på Otta fredag og ved Lie-hjørnet i Vågåmo laurdag.
      • Opningstider:
        Otta: Frå ca. kl. 15.30 – 18.00.
        Vågå: Kl. 11.00 – 15.00.
      • Vareutval:
        • Grønsaksutvalet denne veka blir truleg som følgjer:
          Salat, gul og raud kepalauk, sjalottlauk, jordskokk, raudbete, gulbete, polkabete, poteter, gulrot, grønkål, kvitkål, raudkål, purre, sellerirot, graskar, steviaplanter og epler (Aroma frå Urnes i Sogn).
        • I tillegg har vi urtete og -krydder, epleknask (frå Aukrust), spekepølser av storfe/gris og geit, tyting-, rabarbra- , solbær- og blåbærsyltetøy, egg og alpakkagarn.

Vi har gratis smaksprøver av syltetøy, urter, spekepølser, epleknask, jordskokk og stevia.
Velkomen innom torgbua vår!
Grøn helsing frå
Randi og Trude