Da er martnasmenyen klar!
Frå fredag til søndag førstkomande finn de oss på Ottamartnan, under Bondens marked. Så vidt vi er informerte, skal Bondens marked halde til i nærleiken av vinmonopolet. Vi stiller med «Grøn kafé», sidan ein på Bondens marked må selja berre eigenproduserte varer. Dette blir eit fint høve for oss til å vise fram kafé-sida vår, og vi kjem til å tilby diverse heimelaga, økologisk mat og drikke.
Her er vår grøne kafèmeny:
Mat:
- Grønsakssuppe m/gulrotrundstykke
- Tytingburger
- Stikkelsbærkake
Drikke:
- Grønkålsmoothie
- Gulrot- og stikkelsbærsmoothie
- Varm urte-te
Vi kjem altså ikkje til å ha dei vanlege butikkvarene våre under martnan. Derimot blir Ola Aukrust ståande med marknadsbu i nærleiken av oss, så dit kan du ta turen innom om du skulle du ønskje å kjøpe økologiske grønsaker, urtar m.m..
Kom gjerne innom og få deg noko varmt og sunt i skrotten, samt ein liten kvil ved eitt av våre to «eksklusive» kafébord!