Merkelapparkiv: redesign

Ny redesign delekveld: Lær å sy om klede m.m.!

th  Lær å sy om klede m.m.!

Har du lyst til å lære meir om korleis du kan gjera gamle klede o.l. til nye? Har du nokon gamle «filler» som t.d. ikkje passar lenger eller du ikkje er fornøgd med?

Da er du hjarteleg velkomen til å vera med og få og dele idèar og erfaringar hjå oss.

Ta med klede/filler eller andre ting du ønskjer å sy om, samt sysaker og symaskin om du har.

Gratis inngang, sal av te, kaffe og litt enkel biteti.4043032

Meld gjerne ifrå om du tenkjer å koma, til Randi, tlf: 9005 8159, eller Trude, tlf: 9591 6859.

Velkomen!

recycled-suit-bagGrøn helsing frå

Randi Bjørnstad og Trude Lyngby

i Grøn tråd,

samt Elisabeth Stadeløkken Wentzel i Alucita.

Manglar du juleantrekk? Nå har vi 20% på Alucita redesign!

Mange har spurt oss kvar det vart av redesignkleda til Elisabeth S. Wentzel i Alucita redesign frå Heidal som vi hadde i butikken vår ei stund. Nå er dei her att, med 20% rabatt fram til jul! Kjøper du redesign, kjem du nesten garantert til å ha eit heilt unikt produkt, og du gjer i tillegg miljøet ei teneste.

Noko for einkvar smak?
Kjolar for einkvar smak?

For å vise fram redesignkleda litt betre, knipsa vi Elisabeth og oss sjølve med diverse kjolar på. Fotosesjonen gjekk i hui og hast, og vi er korkje proffe modellar eller fotografar, men resultatet vart da ikkje så aller verst likevel!

Det er kanskje ikkje så lett å sjå, men vi har òg på oss flotte redesignsmykke frå Irene Fagernes Keyn i IFK Design frå Otta. Desse smykkene finn du òg hjå Grøn tråd.

Trude og Elisabeth, -klare for fest!
Trude og Elisabeth, -klare for fest!

 

 

Kjolane er òg veldig praktiske!
Kjolane er òg veldig praktiske!
Flott syerske i sjølvsydd kjole!
Flott syerske i sjølvsydd kjole!
Kjole for den som ikkje trivst med å drukne i mengda!
Kjole for den som ikkje trivst med å drukne i mengda!

 

 

Velkomen på ein grøn handel!

Delekveldar om økologisk grønsaksdyrking og redesign, samt nokre nye varer

Fyrstkomande måndag, dvs. måndag 20. april, har vi tenkt å ha ein delekveld om økologisk  grønsaksdyrking i Gammelstugu på Frivilligsentralen i Vågå, frå kl. 19.00. Vi har med oss den erfarne urte- og grønsaksdyrkaren Ola Aukrust for høvet, og håpar at mange vil koma til denne uformelle og sosiale kvelden for å dele erfaringar og inspirasjon om dyrking. Vi serverar te og kaffe, og vi ber besøkjande om å ta med seg «sending» av noko slag, t.d. ein enkel grønsaksrett. Vi sel økologiske frø for høvet. Vel møtt til ein ordentleg grøn kveld!

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Vi smeller òg til att med ein redesign delekveld måndagen etter, dvs. måndag den 27. april frå kl. 19.00, på Frivilligsentralen i Vågå. Vi har som vanleg med oss Elisabeth S. Wentzel som erfaren sydame. Vi tek sikte på å få til desse kveldane ein gong i måndagen, annankvar gong i Vågå og på Otta.  Velkomen til nok ein triveleg sykveld!

Alucita

Elles har vi denne veka fått inn følgjande varer:

Yes! Endeleg har det kome yoghourt naturell i beger frå Rørosmeieriet!
-Yes! Endeleg har det kome yoghourt naturell i beger frå Rørosmeieriet!
Glutenfritt kastanjeknekkebrød frå Le Pain des fleurs, kapers i lake frå Marschland og 75% mørk sjokolade m/kokosblomstsukker frå Vivani.
Glutenfritt kastanjeknekkebrød frå Le Pain des fleurs, kapers i lake frå Marschland og 75% mørk sjokolade m/kokosblomstsukker frå Vivani.
To nye glutenfrie frokostblandingar: Fleirkornflakes og brun puffa ris frå BigOZ.
To nye glutenfrie frokostblandingar: Fleirkornflakes og brun puffa ris frå BigOZ.

Velkomen innom!

Redesign delekveld torsdag kl. 19

Etter julegateopninga torsdag, kl. 19.00, arrangerar vi ein uformell redesign delekveld att, denne gongen i butikken vår. Er du interessert i koma, så ta med symaskin og stoff/klede som du ønskjer å sy om. Har du berre lyst til å koma og titte, så er det sjølvsagt fullt lovleg òg. Vi har open dør denne kvelden, så alle som vil kan koma innom og sjå på kva vi driv med.

                    

 

Redesign plakat