Merkelapparkiv: stuttreist

Syltetøyveke!

Denne veka har vi vald stuttreist syltetøy som vekesprodukt. Syltetøya våre kjem frå Den lille tytingfabrikken på Sel og Kroken frukt og bær i Sogn.

Den lille tytingfabrikken  drivast av Solveig Nymoen og Leif Ola Rønningen på garden Nedre Hamn på Sel. Solveig og Leif Ola kokar syltetøy av bær frå utmarka og hagane til bekjente, samt rabarbra frå bl.a. setra sine. Dei brukar både konvensjonelt og økologisk sukker og noko tilsetjingsstoff, men bær og rabarbra er så reine og naturlege som dei kan bli. Vi har for øyeblikket inne syltetøy av tyttebær (m/øko. sukker), jordbær (usprøyta og m/øko. sukker), blåbær (inkl. m/stevia), solbær og rabarbra.

Kroken frukt og bær er eit lite føretak som held til i Kroken i Luster kommune i Sogn,  som drivast av Anna-Lise Haukadal. Dei foredlar frukt og bær som for det meste er dyrka i Indre Sogn, delvis heime på eigen, økologisk drive  gard.  Skogsbær blir plukka lokalt. Vi kan tilby tre av dei Debio-godkjende syltetøya deira, og desse er laga av stikkelsbær, bringebær og appelsin.

Vi vil ha smaksprøve av nokre syltetøy torsdag, fredag og laurdag. Velkomen innom!

Vekesprodukt: Grønsaker frå Nord-Gudbrandsdal

GulrotDenne veka vil vi gjera litt ekstra stas på lokalgrønsakene våre. Dette er produkt vi er spesielt glade i og stolte av. Det er ikkje alltid så lett å  oppfylle målet vårt om å selje varer som er både sunne, reine, økologiske og stuttreiste, men lokalgrønsakene våre lever opp til alle desse krava. Dei var òg dei første produkta vi selde da vi starta opp for drygt to år sidan. Grønsakene våre er økologisk dyrka og kjem frå Nordgard Aukrust i Lom, Søre Kvåle og Søre Hosar i Skjåk, og frå Nordgard Råstad i Vågå. Du kan lesa meir om dei lokale produsentane våre her.

Kom innom ein tur torsdag, fredag eller laurdag, så får du ein smak av dei friske økologiske lokalgrønsakene våre.

OLYMPUS DIGITAL CAMERA PolkabeterPurreSalat_croppedTomat_croppedOLYMPUS DIGITAL CAMERAKål

Nyheit! Lokaldyrka økologiske urter og grønsaker i potte

sjoaurter 023Den dyktige gartnaren Adi Bertoli står bak bedrifta Sjoa urter og grønt som har levert desse flotte plantene til oss. Dei er dyrka på Sjoa etter økologiske prinsipp og i Debio-godkjend jord, og er klare for utplanting i hagen din. Utvalet vil truleg bli utvida etter kvart, og består allereie av:

  • timian
  • basilikum-mynte
  • grønmynte
  • pepparmynte
  • kornblome
  • ringblome
  • salat
  • bondebønne
  • pipelauk
  • luftlauk
  • fransk estragon
  • ingefærmynte
  • jordskokk
  • bladpersille

Lever gjerne pottene attende til oss, for Adi blir glad om ho får dei i retur om du ikkje har bruk for dei. 🙂

Vekesprodukt: Norsk quinoa

Norsk quinoaQuinoaplanta kjem opprinneleg frå høgslettene i Peru og Bolivia, og har vore dyrka av dei innfødte der i tusenvis av år.  Quinoafrøa inneheld essensielle aminosyrer (protein) som lysin i tillegg til viktige mineral som jern, fosfor og kalsium , og  er p.g.a. sitt høge innhald av desse viktige næringsstoffa rekna for å vera eit fullverdig måltid i seg sjølv. Quinoafrø kan kokast og brukast omtrent som ris, og dei kan òg spirast. Kokt har dei omtrent same bruksområde som ris.

Marthe og Jardar Røhr-Godø starta selskapet Norsk Quinoa i 2013 og byrja å dyrke quinoa heime på Heramb Gård i Ringsaker. Dei er i gang med Debio-godkjenning av garden. Prosjektet var vellykka og populært, og dei leverar nå norsk quinoa til fleire butikkar og kooperativ i Norge. Faktisk går det så bra at dei ikkje klarar levere nok av frøa. Vi er så heldige at vi har fått ein sekk av dei, som vi sel i lausvekt.

Kom innom og få smaksprøve av quinoaen torsdag, fredag eller laurdag!

Les meir om Norsk Quinoa her.

 

Vekesprodukt: Yoghurt naturell frå Rørosmeieriet

Yoghurt naturellRøros Yoghurt Naturell er ein fyldig yoghurt med mild og frisk smak. Yoghurtoppskrifta er utvikla av Rørosmeieriet, og inneheld ei særeigen blanding av yoghurtkultur og den tradisjonsrike tettekulturen til Rørosmeieriet.

Forretningsidéen til  Rørosmeieriet er å «tilby økologisk mat av høy kvalitet gjennom industrialisert håndverksproduksjon, med utspring i rike mattradisjoner og gode råvarer fra Rørostraktene»,  og dei har som mål å vera det framste økologiske meieriet i Norge. Dei legg òg vekt på at emballasjen deira skal vera miljøvenleg. Les meir om Rørøsmeieriet her.

Vekesprodukt: Kjøtkaker og karbonader frå Røroskjøtt

KjøtkakerRøroskjøtt, som held til i Os i Østerdalen, bearbeider og foredlar kjøtt av både storfe, kalv, sau og lam. Dei tek all slakten sin frå Røros slakteri, og i dei siste åra har dei vorte stadig større på økologisk kjøt. Dei Karbonaderhevdar at gjennom samarbeidet sitt med Røros Slakteri kan dei heilt nøyaktig spore alle produkta attende til produsenten og garden.

 

I butikken vår har vi kjøtkakene og karbonadene deira.  Kom innom og få  smaksprøve torsdag, fredag eller laurdag!

Vekesprodukt: Gosjokoladen frå Follebu

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Denne veka vil vi vise fram denne gode og ikkje minst sunne sjokoladen frå Follebu i Gausdal. Sjokoladen er handlaga av Linda Solbakken og Ida Kristiansen, som byrja med økologisk sjokoladeproduksjon i 2010. Produkta er utan gluten, mjølk, kvitt raffinert sukker, kunstig søtning eller andre tilsetnadsstoff, og er søta med naturlege og reine ingrediensar som agave, yaconsirup og lokal honning. Vi har òg fått inn ein variant som passar for diabetikarar, som er søta med stevia og yaconsirup.

NøttekubbeKom innom torsdag, fredag eller laurdag for å smake denne unike sjokoladen, som er akkurat slik vi på Grøn tråd likar ho!

Du kan lesa meir om Gosjokoladen her: http://www.gosjokoladen.no/

Vekesprodukt: Rørosrømme + urteblanding frå Søstrene Råstad = nam-nam!

Førre veka starta vi med noko nytt, nemleg å vise fram eitt produkt per veke, inkl. smaksprøve torsdag, fredag og laurdag. Denne veka blir det to produkt, sidan dei passar veldig godt saman. Blandar du Rørosrømme med urteblandinga til smør, salat og poteter frå Søstrene Råstad i Vågå/Skjåk, får du ein svært smakfull rømmedip, saus e.l.. Kan anbefalast t.d. som tilbehør til fjellaure frå Sjodalen/Valdresflya og Trollpotet frå Skjåk (desse finn du òg i butikken vår).

OLYMPUS DIGITAL CAMERA

Kom innom torsdag, fredag eller laurdag og få smake!